Klokka er no 16.40, temperaturen + 16 grader C. Det er overskya, ikkje så mykje regn, men litt vind av og til.
Eg har ikkje vore ute i dag, brukte mykje av føremiddagen på matlaging etc. Laga middag til eit par dagar når eg først bala med det. I dag hadde vi ein rett av kyllingfiletar med Torosaus. Hadde ingrediensane i ei form i steikomnen, men det vart inga stor kulinarisk oppleving. Smaklaust vil eg kalle det. Eg hadde ikkje lese godt nok på pakken. "Ovnsgratinert kylling i mild kremet saus", stod der. Skulle laga det mykje betre etter mi eiga oppskrift: "Man tager hva man haver".
Elles har vi sett delar av Skal vi danse? i reprise. MÅTTE berre sjå Åsleik ein gong til.
Den forkjølinga eg denne gongen var sikker på at eg hadde fått, blei visst ikkje noko av no heller, og bra er det.
I går åt vi krabbe for første gong i år. Der var ikkje så mykje mat i dei, så vi hadde akkurat nok med dei 9 vi hadde.Berre 4 var det noko særlig mat i. Men teinene står ute, og skal dragast i morgon om det ikkje vert for mykje vind.
3 kommentarer:
Her påstår folk det har vore 18 grader i dag. Eg gjekk meg ein tur på ein times tid, og det var nydeleg hauststemning ute.
Her har det i alle fall vore 17 grader, fønvind ute i kveld.
Hei! Eg har allereie bestilt meir garn, og då bestilte eg to pga portoen. Der er ca. 400 meter, så det er nok til eit sokkepar. Litt dyrare, ja, men så er det handfarga. Kjekt med litt luksus av og til.
Legg inn en kommentar