torsdag, oktober 28, 2010

Vermelding 28.oktober 2010

 
Klokka er no 12.00. Temperaturen ute er + 8 grader og det er opplett. Nesten all snøen er borte, så no er det håp om å få rydda litt i hagen før vinteren.Nils har drive og rydda på altanen. Sett vekk sommarmøblar etc.Og kasta det som kastast må.
Eg heldt akkurat på å støvsuge då Nils ropte at eg måtte komme og ta bilde av han og Advokatten, adoptivkatten vår.Han blir litt tammare for kva dag, for han set pris på all den gode maten han får. Sjokoladepudding som var ute på dato fekk han i går, og det gikk ned på høgkant ! Elles går det mykje i fisk, sjølvsagt, men også ferdigkjøpte "kuler". Det er ein stor og fin katt !
Vi har tatt opp fiskekaker til middag i dag, og eg fann ein liten slank med rabarbra som eg koka suppe av. Brukar litt ekte sukker og resten kunstig søtstoff. Går ikkje an å sukre slik suppe med berre sukker !
I går kveld vaska eg golv og i dag støvsuger eg, for i morgon har eg bestilt time hos frisør. Det trengst, for å seie det mildt.
Posted by Picasa

1 kommentar:

Hildegard sa...

Det ser ut til at vi har fått ein katt i pensjon som vi ikkje har lyst til å ha - i og med at vi ofte passar hundane Viktor og Mira. Det er ein fin halvvaksen hokatt, mykje lik dykkar. Ho remjar heile dagen, men kjem seg ikkje vidare, og så blir det til at vi gjev ho mat og ho søv i hagestova eller på vedladet under verandaen. Vil ikkje ta henne inn i hus. Pusen er tam og veldig kjælen, så det er nok nokon som saknar henne.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...