søndag, oktober 03, 2010

Bok 49 2010: Morgen i Jenin.

Denne boka har begge døtrene mine "slakta", derfor var eg i tvil om eg skulle lese den i det heile tatt. Men så bestemte eg meg for å lese den med "eit opent sinn ", og det har eg no gjort.
Gjennom bibelhistoria og gjennom diverse media har vi blitt påvirka til å ta jødane sitt parti i konflikten mellon dei og palestinerane. Denne boka ser historia frå palestinerane sin ståstad, og det synest eg er interessant. Dei to folkeslaga lever saman i landet i fred og fordrageligheit heilt til staten Israel blir oppretta i 1948, og mange jødar vender "heim" til det landet Gud lova dei på Abrahams tid. Vi får også oppleve 6-dagarskrigen frå palestinarane sin synsvinkel. Vi får høyre om dagliglivet slik det var i landet før 1948, og korleis det var å leve i flyktningleirane etter den tid.Vi får innblikk i muslimske skikkar og levesett, og vi får høyre om motstandsrørsla PLO. Og mykje,mykje meir. Det er ei interessant historie etter mi meining, ikkje minst fordi det er ein bit av vår moderne historie som vi alle har eit forhold til.
I likheit med mange av bøkene eg har lese i seinare tid, fortel også denne ei interessant historie. Og som vanlig blir innhaldet øydelagt av forma. Det er SPRÅKET som gjer det nesten umulig å like boka.Det er så romantisk-sentimentalt-klissete at ein kan få lyst å stikke fingeren i halsen.Her er så mange metaforar, så mange bilde som eg synest er mykje for mykje av det gode. Men kanskje passar dette språket i det palestinske samfunnet, kva veit eg? For meg blir det i alle fall for mykje . Og så er her så mange ORD ! Alle kjensler og hendingar blir skildra så det held, kvar minste detalj blir utbrodert. Og så veit ikkje forfattaren kva tid nok er nok.Boka skulle vore avslutta før.
Skal er anbefale andre å lese boka? Ja, faktisk vil eg det. Les boka og døm sjølv.
Posted by Picasa

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg trur ikkje vi er så veldig uenige,men vi fokuserer forskjellig! Det historiske er interessant, men eg synest forteljinga også vart sentimental og bodskapen overtydeleg jfr slutten.

Besta sa...

Slutten var verst-derfor meiner eg at dei kunne slutta av før.Det minner om slike musikkstykke som "sluttar" i det uendelige. Men som før sagt kan denne boke vere skriven innanfor ein annan kultur.
For oss blir det kvalmande sentimentalt. Men mange likar boka.

solveig sa...

Ja, og det er mange som såg onsdagsfilmen på TV-Norge. Det betyr ikkje at det var kvalitetsfilm. Eg skriv i fortid, for eg veit ikkje om der er onsdagsfilm lenger.

Dagbok 2023: 18. desember

  Gard Bjørnstjerne Eidsvold har fått "Gullruten " for rollen  som Quisling Klokka er no 16.01, temperaturen på trappa er +3 grade...