fredag, juni 11, 2010

Vermelding 11.juni 2010

Klokka er15.00. Temperaturen er +14 grader C, og skodda er nesten fotsid.Vinden er kald, og det er lite som minner om sommaren vi såg snurten av i går.Nils var ute og fiska makrell i går kveld, og vi kokte den i dag tidlig.Potetene kokar, og snart er det duka for kald makrell med rømme og agurksalat- eit festmåltid for oss som likar det.
Føremiddagen har gått opp i surr i dag også, sidan eg var hos frisør frå klokka 11-13. Etterpå handla vi mat på Coop og var for ørtande gong og såg på gardiner. I dag fann eg nokre eg likte, men dei var berre i "korte" lengder. Så det blei ikkje handel i dag heller.
Ønsker alle som er innom bloggen ei god helg!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2025: 31.mars

                  Klokka er no 21.Temperaturen ute er +8 graderC, og sjølv om vi no har sommartid på klokkene er det nokså mørkt ute no. I d...