Klokka nærmar seg 11. Det er +2 grader C og det snøar noko forferdelig. Det meste smeltar nok etter kvart, men vi har vel hatt nok vinter no? Stakkars krokusane som vart pakka ut i går, no får dei vel dødsstøtet.
Nils er forkjøla og elendig, men er likevel ute og ryddar i garasjen.Elles har vi ikkje så mange planar for dagen, anna enn at vi skal flytte diverse teknologi over til den nye TV-benken og få ledningane i dei rette hola.Litt av ei utfordring, spør du meg.
Så vil vi sjølvsagt gratulere svigerinne Bodil på Eid med dagen i dag! Ho er framleis fem år yngre enn eg. Heldiggrisen. Ha ein fin dag!
1 kommentar:
Takk for helsinga. Trasig å vakne til snø på bursdagen. Håper det gjekk bra med krokusane.
Eidabesta
Legg inn en kommentar