Veret i dag, så langt, er om lag som i går. Det er lettskya med sol innimellom, men det er kjølig.
I går var Nils og eg ein tur inn til byen og handla litt. Det vart både mallwalking og gatevandring, men eg heldt ikkje ut så lenge. Til middag hadde vi to rettar: spekesild (Carlo-verdens beste) og risengrynsgraut. I dag skal Rasmus vere kokk, så då skal det skal det visst bli ein slags wok. Vi lever godt her, men i morgon blir det heimreise.Det er ikkje særlig freistrande når eg ser kva ver de har. Men blir vi lenger blir det vanskelig å reise frå vesle-guten. Han er berre så fin! - men eg trur ikkje han får brune auge slik som brørne har.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

1 kommentar:
Spesielt Olaug og eg har veldig lyst til å sjå Ingar. Artig om han arvar mora sine auge. Eg har kome fram til at kvar tykkjer best om sine. Eg synest alle eg er mor, moster og faster til er spesielt fine. Eg ser noko i dei som eg ikkje ser i andre små ...
Legg inn en kommentar