tirsdag, januar 05, 2010

Vermelding 5.januar 2010




Temperaturen klokka 12.00 er minus 10 grader C.
Det har kome lite snø i natt, og no er det klårt og nydelig vinterver, med sol på fjelltoppane.
Nils har vore ute og moka litt, fekk hjelp av Torbjørn og fresaren hans når det skulle lagast veg nedom huset.Han har også tatt litt snø av garasjetaket, men slepp visst å gå oppå hustaket denne gongen.Vi plar merke snøtyngda på at dørene blir treige.Det er dei ikkje.
PS: Utover dagen gikk temperaturen ned i minus 14 grader C.


No er det fint å hoppe frå garasjetaket.

2 kommentarer:

Hildegard sa...

Snørydding er vel ikkje den beste trimmen for "gamle gubbar". Vi har ganske lang og brei innkøyrsle og snøplogen likar godt å leggje frå seg snøen der når han fer forbi i full fart. I år har snøfresaren, som vart innkjøpt for nokre år sidan, virkeleg fått vise kva den duger til. No stabiliserer vel veret seg, så ein kan halde seg inne og fyre og ta det med ro.

solveig sa...

Dette minner meg om vintrane i min barndom då vi fekk hoppe frå mønet på huset!