tirsdag, januar 05, 2010

Bok nr.1 -2010: Drapet på Harriet Krohn


Denne boka hadde Solveig lagt inn på i-poden min.Men eg hadde ikkje lese lenge, før eg oppdaga at eg hadde lese den før. Men som eg har skrive mange gonger, likar eg å lese bøker fleire gonger. Dessutan hugsa eg ikkje slutten- - - som vanlig.
Dette er meir ein psykologisk roman enn vanlig krim. Synsvinkelen ligg nesten heile tida hos "forbrytaren" og vi får sympati med han. Etter mange år med spelegalskap,alkoholmisbruk, arbeidsløyse og i det heile eit miserabelt liv, får han etter brotsverket orden på livet sitt. Og ein grip seg i å ønske at han aldri skal bli tatt. Men Conrad Sejer har aldri mislukkast.
Les gjerne denne boka

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 22.januar

Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...