mandag, januar 04, 2010

Vermelding 4.januar 2010



                                         
                       Dette bildet er tatt av T.Urke.

Temperatur klokka 12.00: minus 1 grad.
Her har vi fått gammaldags Ørsta-vinter med mykje snø.Nils mokar og mokar til tross for at han har vondt både her og der.Hadde barnebarna vore her no, kunne dei ha hoppa frå garasjetaket.Det plar vere populært.Det er meldt kaldare ver, så eg håper eg kan få meg ein tur med sparken denne vinteren også.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg ser at de har same ver som oss! Eg kan ikkje hugse at det har vore så mykje snø på denne tida av året på mange år.

Besta sa...

Det snør kontinuerlig her,held det fram slik, må vi leige oss hjelp til å moke taket.

solveig sa...

Studenten er heime ut neste veke!
Yngstemann har veldig lyst, helst saman med kusina i Volda, men det krevst vel ei viss modenheit.....
Nedover er det vel ikkje heilt ufarleg.