onsdag, januar 13, 2010
Vermelding 13.januar 2010
I dag klokka 13.00 var det minus 4 grader her på Vallabøen.
I sentrum var det minus 9 grader.
Dette er eit kjent fenomen på Austlandet, at kulden legg seg nede i "gropene", mens det er mindre kaldt i høgda.
Sidan vermeldingane mine etter kvart har tatt form som dagboksnotatar, kan eg fortelle at eg kjøpte ny ledning til MP3-spelaren i dag. Og eg fekk ekspeditøren til å forklare meg skilnaden på MP 3-spelar og i-pod. Men i følge Rasmus er det ein multi-media-playar eg har.Framleis forvirra?..
Så no skal eg snart halde fram med Varsleren av Karin Fossum
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
No har Hans tinga tur til Egypt. Blir du med? No i februar.
Ein tur til syden hadde ikkje vore så dumt, men eg er ikkje fysisk i stand til slike reiser.Og når vi snart får sola att, går det fram mot vår.I vinter har vi ikkje hatt mørketid, så eg synest ikkje det har vore så tungt.
Legg inn en kommentar