mandag, november 02, 2009
Ryddedag i hagen.
Dagane vart veldig korte etter at vi gjekk over til vintertid, så det gjeld å nytte høvet til å vere ute mens det er lyst.Det har vore lite hagearbeid denne sommaren og hausten, men så fekk vi heldigvis nokre nydelige dagar no på tampen.Vi har rydda i hagen så det er ei lyst å sjå. Sjølvsagt er det Nils som tek dei tunge taka, men eg "hjelper til" så godt eg kan. I dag saga vi ned heile Potentilla-hekken mellom oss og naboen, vi får håpe der veks opp att med tid og stunder.Eg forbaud Nils å male opp kvister og greiner på kompostkverna, for dette er ein seig sort.Så han leigde ein tilhengar og kjørte heile greia bort på VØR.Det bles ute, så det gjekk ikkje an å vente med det.Eg hadde jobben med å rake og rydde.Det vart "søndagssei" til middag, og det fortente vi.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
4 kommentarer:
De er flinke! Dei fine dagane no kjem seint, men godt. Vêret er det lite vi kan gjere med, så vi får nyte sola når ho er framme.
Det gjer seg med fine novemberdagar. Trur ikkje kvistane eigna seg for kompostkvern, nei.
Ja, ein kjem i godt humør og får matlyst etter slik jobbing. Kjekt at du kan vere med ute igjen. Fiskedag her i dag, ventar dei to tenåringsjentene som vanleg.
Eidabesta
Ja, sjølv om ryggen er vond, er eg inne i ein periode då eg kan vere litt aktiv. Eg NYT kvart sekund.Eg er så glad i skikkelig sjauararbeid. I dag skal vi ha Taco, etter 4 dagar med fisk/fiskemat.
Legg inn en kommentar