Men i dag, då eg skulle prøve det, såg eg at det i røynda var...ja, ein hijab!
Då eg såg meg i speilet, må eg innrømme at eg noko motvillig må beundre dei muslimske kvinnene som orkar å gå rundt i noko så UKLEDELIG som dette plagget eigentleg er.Og eg som ikkje kler grønt ein gong!
Eg er ikkje imot verken innvandrarar eller muslimar i utgangspunktet, men HIJAB er eg ein sterk motstandar av.Dette plagget symboliserer for meg ei undertrykking av kvinnene.
No såg eg plutselig for meg eit demonstrasjonstog der alle som har fått denne "bøffen" i posten, stilte opp i demonstrasjonstog mot hijab! Blir de med?
6 kommentarer:
Ein kjem ikkje vekk frå at det er eit undertrykkande plagg. Kan vi ha politi med hijab som ikkje kan ta i ein mann? Kan dei då gjere jobben sin.
Klassekampen hadde bilde av politihijab i går.
Eg har meldt meg inn i ei gruppe på facebook som seier JA til samelue i politiet, og ei anna der ein seier at politiet skal vere meir opptekne av det som er inne i hovudet, enn det som er utanpå. Synest heile debatten om uniform er "hol i haudet".
Ei uniform er ei uniform, meiner no eg.Og det som irriterer meg mest er at hijaben, som før var eit religiøst og tradisjonelt hovudplagg, no er blitt eit symbol for muslimske rettar i Norge.Privat må dei gjerne gå med det,men nordmenn må også kle seg i tildels ukledelige ting i jobbsamanheng.Tenk f.eks. på dei gamle prestekjolane med pipekrage!!
P.s. Du kom meg i forkjøpet med å lage valentineblogg.....
Synes Besta er ei fornuftig dame.
Eg ser det komiske i situasjonen.
Sminke, trange jeans, korte skjørt, høge støvlettar (dvs. sexy påkledning), kan jentene gå i - dvs. dei har kasta burkaen - men dekke til håret, må dei - forstå det dei som kan. Oppmerksomhet?
Eidabesta
Eg er heilt samd i det de skriv om hijab. Blir gjerne med i tog.
Eg har nett lese boka
Tilslørt.Avslørt av Hege Storhaug. Der er mykje å lære. Bør lesast.
Legg inn en kommentar