søndag, februar 22, 2009

Gratulerer med dagen, Audun!

I dag gratulerer vi Audun med 19-årsdagen!
Han skal "feire" dagen med fotballkamp, har eg høyrt rykte om.Elles er det ikkje ofte at heile familien samlast til fødselsdagsfeiring lenger, slik som i gamle dagar. Det er vel ei naturlig utvikling?
Audun går no siste året på vidaregåande og jobbar på spreng for å få karakterar som er gode nok til å komme inn på det studiet han siktar på.Det er så vidt har tek seg tid å sparke fotball. Han har "svikta" heimbygda og spelar helst på Hødd.
Dette bildet tok vi ein sommar han var på ferie her og mormora fekk lov å lage "Fritijov-sveis" -med mykje gelé.
(Kort og pengegåve skulle vi hatt med på lyregarnturen, men sidan den vart utsett,har du ikkje fått noko enno.Du får vente litt til!)

2 kommentarer:

solveig sa...

Artig bilde som eg ikkje kan hugse!

Besta sa...

Dette bildet vart teke ein gong gutane var i Ørsta på "ferie". Kan ikkje hugse årstalet.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...