Heilt sidan boka Vindens skygge gikk sin seiersgang verda over, har ein venta på forfattaren si neste bok.No har eg lese den - som lydbok, sjølvsagt.Forfattaren skildrar i bøkene sine alle slags gamle hus og labyrintar,og sjølve teksten minner om desse labyrintane.Det gjer det lett å gå seg vill.Det gjorde i alle fall eg. Det er vanskelig å halde styr på alle personane, mellom anna fordi dei spanske namna ofte er nokså vanskelige å halde frå kvarandre når ein ikkje får sjå dei på trykk. Eg må kanskje lese boka ein gong til, slik eg gjorde med Vindens skygge.
Eg vil ikkje uttale meg så mykje om boka, les heller kritikkar på nettet. Men eg vil berre seie til alle som vel å lese lydbøker at Ivar Nørve gjer ein framifrå jobb med å formidle denne teksten.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 14.mai
Desse tulipanane har eg planta sjøl og dei har stått i beddet ved garasjen i mange år. Dei har ein nydeleg raud farge, ikkje knallraude som ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
3 kommentarer:
Den boka har eg og lyst å høyre! Vindens skygge las eg først halve i papirutgåva, så høyrde eg heile som lydbok. Ei flott bok, men eg forstår godt at det vert mykje å halde styr på!
Vindens skygge var veldig fin, men eg kunne godt ha lese den omatt. Held på med Havets katedral, og må nok snart på studietur til Barcelona. Nokon som blir med?
Havets katedral fall ikkje heilt i min smak. Bakgrunnsstoffet, det historiske, var veldig bra, men menneska vart litt diffuse. Kyrkja som dei bygger, Havets katedral, er nemnd fleire gonger i Engelens spill.
Legg inn en kommentar