søndag, august 17, 2008

Makrellfangst.


Nils og Håkon har vore på fisketur heile føremiddagen og fått bra fangst med makrell.Ca 100 stk.
Det blir nok ein tur seinare i dag også.Naboane skal sjølvsagt få sitt!
Det vart enda ein fisketur på kveldstid, då med litt mindre fangst-ca 40 makrellar.Olaug forstod liksom ikkje vitsen med å fiske så mykje og så gi bort fisk til naboane. Men då vi fortalde at naboane i sin tur kom både med blåbær, tyttebær, hjortekjøt, kaker osb. fann ho ut at det var ikkje så dumt likevel.
NB: Når vi gir bort fisk er det heilt utan baktankar. Det er ei grense for kor lenge makrellen held seg i fryseboksen, og kor mykje makrell som er GODT.Men noko av fisken skal brukast til agn på line i håp om å få yndlingsfisken vår:lange!

1 kommentar:

Hildegard sa...

Kjekt når ein får fisk, sikkert artig for Besten å ha med seg ein hjelpar. Du må lese om tjuvfiskarar i Fjordabladet.
Eidabesta

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...