Då eg kom til Trovågen første gong for 49 år sidan, var det berre to hus i dette området. Huset der Nils budde, er det kvite heilt til venstre i bildet. Eg budde på andre sida av myra hos onkelen hans, Sigurd. Det huset var også kvitt den gongen, men no er det nærmast okerfarga og litt vaskelig å få auge på nesten heilt til høgre. Skulen der eg jobba, ligg ved sidan av Nils sitt hus og er ikkje på bildet. Då eg kom dit i 1958, var der heller ikkje veg, den kom i 1969.Framfor den kvite hytta/huset kan ein sjå den gamle sjøvegen som enno er i bruk.Får lyst å rydde opp i området nede ved sjøen.Det er mykje rusk som rek i land.
Blir litt "nostalgisk" når eg ser på dette bildet.Det er mange minne som dukkar fram.
1 kommentar:
Koseleg å sjå og lese!
Legg inn en kommentar