I dag var Nils til tannlegen i Volda. Han henta Ingeborg på ferja og fylgde henne til tannregulering i Ørsta. Seinare kom Margrete og resten av ungane hit, for Eirik skulle spele kamp i Ørsta.No kom Nils heim, Folkestad tapte ;4-3 til Ørsta.
Lars er på overnattingstur med jobben.
Margrete ville gjerne ha den kvite Odessahua i ull som eg hadde strikka. Eg festa trådane etter at bildet var teke. Margrete og Ingeborg var nedover på ei lita handlerunde, då hadde Ingeborg kjøpt den grå "hijaben".
Nils har teiner ute, skal drge i morgon. Kanskje han får så mykje hummar at vi har noko spennande å ta med til Kongsberg?Der har dei ikkje slike skapningar rett utafor døra akkurat.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
4 kommentarer:
No har vi hatt oss eit skogamåltid med krabbe her. Dvs det to eldste et enno. Amanda ville ikkje ha. Det smakte i alle fall fortreffeleg, så takk til pappa!
margrete
Bra t de fekk litt meir spennande mat med far enn med mor i dag.
korleis gjekk det med valet? kor mange plassar gjekk mormor opp, og vart morfar 1. vara?
Morfar er første vara; han kom med andre ord på 3.plass. Har inga peiling på korleis det gjekk med mormor, ho ramla vel heilt ut kan eg tenkje meg.Hadde ingen ambisjonar heller. Det kjekkaste med valet var å krangle med Frp-gjengen og få stadfesta er dei ikkje er like teite som ryktet sitt,men verre.
Legg inn en kommentar