Overskrifta er ikkje ei befaling, men ei oppmoding til alle lesarane mine om å halde seg på den "rette" sida i politikken. Hadde ikkje nemnt det her om ikkje Lappetausa hadde spurt om råd.
Grunnen til at Nils og eg held oss på venstresida i politikken er at vi er FOR gode offentlege tilbod i skule og helsevesen m.a. og MOT private konkurrerande ordningar. Dessutan har den raud-grøne regjeringa gitt meir pengar til kommunane, slik at dei no kan få utretta litt anna enn berre å skjere ned.
NB: Vi er ikkje imot private initiativ generelt !
Nils står som sagt høgt oppe på SV-lista, og eg trur han kjem inn denne gongen også.
Eg står visst nederst som såkalla "listefyll"-har ikkje sjekka.Eg er for gammal å gå aktivt inn i politikken, og godt er det!!! Men det er snart berre pensjonistar som kan ha tid og høve til å vere med på dei lange og seine møta i kommunestyret.
Elles vil eg opplyse om at Solveig har kasta seg på bloggebølga. Der kjem vi til å få meir tips om matlaging enn om handarbeid, trur eg.
www.ortentrovag.blogspot.com
I dag har Steffen, den nye leigebuaren, vore og kopla seg på breibandet. I same slengen rydda han litt opp på maskina mi som heldt på å kollapse. Kjekk gut!! Han kjem til å flytte inn så snart rørleggaren kjem og koplar på vatnet igjen. Han har vore her før og sett inn ny varmtvassbeholder.
Godt val!!!!!!!!!!!!!!!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...

-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
3 kommentarer:
Tydeleg at du er engasjert. Håper du held fram med å skrive lesarinnlegg til avisene, send gjerne kopi til meg. Til orientering - eg kjem til å stemme ulikt på kommune- og fylkesting i år. Viktig å få inn Nordfjordingar i Fylkestinget, fleire kampsaker! Kjekt med fin morgon i dag. Bodil
Trur de må ha betre ver enn oss. Her har vi ikkje sett verken fjell eller himmel på det eg kan hugse(Eg gløymer fort).
Listetoppen i SV er allereide på fylkestinget i Molde. Han har kutta ut jobben som lærar i ungdomsskulen og driv politikk på heiltid.Grunnen til at eg er engasjert er at eg så gjerne vil ha vekk den apekatten av ein Frp.-ordførar!!!Han blei valt direkte for 4 år sidan fordi heile Vartdal stemte på han!!!!!!
Takk for rådet, Olaug! No har eg ca. halvannan time å bestemme meg på...hehe.
Elles så lurer eg på om du kan spørje ho engelsk-dottera di om det fins ein stad på internett der ein kan boltre seg med gode ord og uttrykk (idioms), har slik behov for å bli litt meir fiks her! Nokre er surmaga fordi eg skriv på engelsk, men eg har slik behov for å utvikle språket og for å kome i kontakt med andre kviltarar i andre verdensdelar! For ikkje å snakke om alt ein kan finne på netthandel...Godt val!
Legg inn en kommentar