No er eg ferdig med Margrete sitt skjerf og langt inne i neste (hemmelige) prosjekt.
Prosjekta mine går stort sett ut på å halde resten av storfamilien varm på beina, hovudet og halsen. Så no ventar vi godver! Er det ikkje slik det virkar ? I alle fall har det vore regn og kaldt heilt sidan Nils kjøpte kaldluftsvifte!
Viss du Margrete er i Ørsta mens vi er vekke, så ligg skjerfet i kista på gangen!
I dag har vi også laga ca 100 fiskekaker-tek vel med mesteparten til Kongsberg. Her heime lagar vi lett fleire, berre det er ver å fiske.
Nils var i Volda og såg fotballkamp i kveld. Det var laget til Audun som spelte, og då må jo morfar stille opp.
Elles skjer her ikkje så mykje, men dagane går!!!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
3 kommentarer:
Fint skjerf, men 17 grader på Bjørneset i går kveld (seint!). Gler meg!
Det var det eg tenkte: Strikk skjerf og huer og kjøp paraply- så kjem sommaren.
Skjerfet blei fint! P
Legg inn en kommentar