I dag har det vore meir "puslearbeid" i kjellaren. Dei har sett handtak på skapdører og skuffer etc., noko som tok si tid fordi der ikkje var bora hol på førehand. No står det att å sette soklar under benkane og litt finpuss. Har ikkje heilt oversikta.
Eg var til lunsj hos ei "nabofrue" etter at eg hadde vaska til helga.
I morgon skal vi ta oss litt av Eirik som er på fotballskule i Volda.
Lars er i Stavanger på hundeutstilling, så Margrete er heime "åleine".
Hadde ein lang prat med Rasmus i dag, der nede har dei i alle fall betre ver enn vi har.
God helg til alle trufaste lesarar av bloggen min.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 28.juni
Klokka er no 17.27 , temperaturen ute er + 21 grader C, det er ein del skyer, men også sol innimellom..Det var ikje så fint tidlegare i dag,...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Hei! Viss du vil hekle Spidermanteppet, kan eg alltids omsette mønsteret for deg. Kjøkkenet blir flott!
God helg!
Hilde
Legg inn en kommentar