Var nok litt overmodig i går og det straffa seg. I dag blir det berre pusleri og lange pausar på day-beden.Men så fekk eg i alle fall festa trådane på dei to lestepara eg har strikka - over ganske lang tid må eg innrømme. I Regia, 4-trådres, for dei som har greie på lestegarn. Skal legge dei i jule-lageret mitt. Lyt nok ta det enda meir med ro når det gjeld strikking, for i tillegg til andre plager, har eg no fått problem med venstehanda. Lurer på om det er alle akupunkturnålene som har skada noko?
Må prøve å komme meg litt betre i form til Marit og eg skal til Åse og Moa på torsdag-
jentetur og mammografi !!! Jippi !!!!!!!!!!
Sundag kjem Margrete og Solveig m/fam. Då skal Nils koke god gammaldags sjømannskost:Erter, kjøt og flesk. Det hadde vi ofte før, men etter at Nils og eg vart åleine har det blitt sjelden. Eg har laga ei eplekake i dag+ at eg har div. restar i frysaren viss nokon orkar noko etterpå.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Så fine sokkar du har strikka! Då eg kjøpte strikkemappa frå Felisi, skreiv eg berre ein kommentar under bildet av veskene. Eg skreiv kva veske eg ville ha (det var berre ei igjen). Eg måtte legge igjen mailadressa mi for å kunne skrive kommentar, trur eg. Så fekk eg mail frå henne like etter der eg fekk kontonr. eg skulle føre pengane over til. 214 kr inkludert frakt.
Var inne på feil stad i bloggen før i dag, men no kom eg rette staden. Synd at alle var selde.Ikkje hadde eg sydd ei slik veske som det for 200 kr. Men så kan eg ikkje sy heller. Får angst berre eg ser symaskina. Dessverre.
Legg inn en kommentar