mandag, august 31, 2026

Dagbok 2026: 31.august

Endeleg kom sola, seint på ettermiddagen fekk vi endeleg   nokre etterlengta stålar, men betre seint enn aldri
 

Klokka er no 20.21, temperaturen ute er +13 grader.

Eg har hatt ein litt tullete dag i dag, Først ville eg ikkje stå opp fordi eg var så låk i føtene, det har eg vore nokre dagar no, men då eg bestemte meg for å stå opp likevel gjekk det heilt fint. I dag ville eg prøve å rydde litt opp både inne og ute, og det varte ikkje lenge før eg hadde blod på tann. Etter at eg hadde rydda itt inne gjekk eg ned i hagen og hadde utover noko mold som har lagt i ein dunge, kor vellukka det var vil tida vise. Eg  laga meg middag også og på slutten av dagen sat eg opp med Marit, til det vart tid for Nyheiter på TV. Eg har følgt godt med på "kongehuset" desse dagane;Og mens eg ser TV strikkar eg lestar-igjen, eg hadde ein lang pause.

I dag er det siste dagen i august, det var ein viktig dag for meg i oppveksten. Både besta og pappa hadde fødselsdag, det var akkurat 20 år mellom dei i alder.

 Og så begynte alle skulane på Eid 1. september. Barneskulen, realskulen og gymnas heldt til i samme huset. Det var alltid spennande med skulestart, men etter som vi vart eldre vart det særleg spennande å sjå dei nye gymnasiastane- Sidan det var 2årig gymnas kom det elevar frå alle landets kantar, særleg nordfrå. Trøndelag, Nordland og Finnmark var godt representert. Eg hugsar godt milde, mørke kveldar, då vi gjekk ute for å "sjå på livet".



søndag, august 30, 2026

Dagbk 2026:30.august


 Klokka er no19.44, temperaturen ute er + 12 grader , det er overskya og det har regna, Eg har vore inne heile dagen, og eg har vore her åleine. Men eg har hatt på TVen heile dagen og følgt med på kongen sin begravelse m.m-Eg har sjølvsagt hatt eit lite strikketøy også. Eg har som sagt vore her åleine,Solveig og Øystein reiste til Roma i dag, og kvar dei andre er veit eg ikkje. Eg har no kosa meg med å lage god middag etc. Eg skulle fyre i omnen også, men der var det noko som var øydelagt så eg kunne ikkje ha der eld. Men eg har no både varmepumpe og elektriske omnar så eg frys ikkje i hel. 

Det eg har merka meg i dag er at Mærta Louise og døtrene ikkje var i gravferda, eg såg etter dei heile tida, men dei var der ikkje.Det var nokon som nemde det på TV også- Elles synest eg det var ei fin gravferd, og veldig mange som var frammøtte. Ja, eg fekk no med meg nokså mykje sjølv om eg sat heime. Eg hadde no sjølvsagt eit strikketøy , for eg kunne  ikkje sitte med hendene i fanget heile tida-heller. Det blir vel meir å sjå utover kvelden. Eg er ikkje så fornøgd med veret, i morgon er det siste dagen i sommarmånadane-og så kjem hausten-

No må eg visst rydde litt opp etter meg

lørdag, august 29, 2026

Dagbok 2026:29.august


 Klokka er no 17.48, og temperaturen ute er +14 grader C. Eg har ikkje vore ute i dag, men eg trur det har vore opplett- men ikkje sol.

Eg har vore heilt i ørska  nestsen i dag, eg har vore så trøtt at eg orka ingen ting, men til slutt greidde eg å støvsuge golvteppa. Deretter vart det rett i godstolen framfor TV-en , og der har eg sett på kongar dronningar og andre folk i Oslo og gjer opp meiningar om kva eg likar eller ikkje likar. Eg sit å tenkjer på korleis det er å ha ein konge og ikkje ein vald president. Det er heilt tydeleg at kongen vår som døydde no har vore elska av folket-og her er det ikkje snakk om politiske synspunkt etc. Ein konge er for alle og eg er glad for at vi har kongedømme i landet vårt. Kort sagt..

Eg har sjølvsagt hatt noko å strikke på , kan no ikkje sitte med hendene i fanget heile dagen. Eg lurte på om eg greidde å gå på Vernet, men det slo eg i frå meg. . Men no har eg i alle fall fått opp augene og er skikkeleg vaken, men eg trur ikkje eg kjem til å finne på så mykje likevel. Solveig og Øystein reiser til Roma i morgon, og eg ser at Margrete har vore på fjelltur, så det er no somme som er aktive. Eg har no vore relativt aktiv med hagearbeid i sommar, men det tek av no når hausten er her-snart.

Eg er glad for at eg kunne ta opp att strikkinga, men eg må vere litt forsiktig så eg ikkje blir låk i handa igjen.

fredag, august 28, 2026

Dagbok 2026: 28. august

 Klokka er no17.40, temperaturen ute er +21 graderC. Det har vore fint ver i heile dag, men no er sola borte.

Det har vore ein litt spesiell dag sidan kongen døde i går; det var ikkje så mykje eg kunne gjere for å vise sorg, men eg t0k i alle fall og fann fram den mørkaste "toppen" eg hadde og hadde den attåt den svarte buksa. Eg kjende no ikkje kongen personleg, men eg og mange andre har no på ein måte blitt kjent med han på TV.

Det er tredje gongen eg opplever at ein konge døyr. Eg hugsar godt då Håkon den 7. døde, og eg minnest også Olav den 5. Gode kongar alle, trur eg.

Eg har no elles hatt ein fin dag i dag. Solveig kom ganske tidleg -og ho hjelpte meg med tekniske ting på PC og Telefon, det er ikkje alt eg får like godt til. Nemleg. Så var vi på KIWI og handla,i hennar bil sjølvsagt.Ho likar godt den nye El-bilen.

Så insisterte ho på å klippe plen, enda eg sa at ho trong ikkje gjere det. Men det vart ikkje alt for lenge for batteriet varer ikkje så lenge. Og det tek 4 timar å ladde det opp att.

Litt mat måtte vi også ha før ho reiste heim att. Ho og Øystein skal til Italia  og vere der ei vekes tid, no er dei begge pensjonistar og kan bestemme litt over si eiga tid.

Det kan for såvidt eg også- men i min alder no trivst eg best heime, og har det tryggast der.

Eg har gått i heile dag og venta på at dei skulle komme frå VØR og hente alle glasa som eg hadde i boksen som stod opp ved gata. Dei kom aldri ! Men så var eg oppe hos Marit ei stund ogdå eg gjekk heim kika eg opp i "Dunken" -og den var tom- Så i dag blei eg litt "lurt" -men bra det.

Vil ønske alle ei god helg uansett.

torsdag, august 27, 2026

Dagbok 2026:27.august


Klokka er no 18.43, temperaturen ute er +20 grader C. Det var litt vått på gata då eg stod opp, men resten av dagen har vi hatt sol og varme. Eg skal innrømme at eg har gjort  veldig lite i dag. Berre litt hagearbeid og nesten 0 husarbeid. Ja, det er no ikkje så ofte vi har slike dagar så vi må ha lov å nyte dei. Eg har sete mykje oppe på platten med Marit, men eg har også sete på altanen her og strikka-ja noko må ein no henge fingrane borti. LITT hagearbeid har det blitt og i dag fekk eg smake på svartsurbæra mine-så no skal eg vel bli veldig sunn og frisk-enda friskare enn eg alt er. No får eg berre håpe at ikkje fuglane fer med alt, det gjorde dei eit år.

I morgon ventar eg Solveig innover, ho skal hjelpe meg litt før ho reiser til Roma. Eg håper dei får ein veldig fin tur, for det fortener dei. Dei står mykje på for meg og alle dei andre i familien, så dei treng litt avveksling. Eg misunner dei ikkje, eg hadde ikkje orka å vere i Roma , trur eg. I min alder trivst dei fleste best heime. Trur eg.

I morgon skal dei komme og tømme glas,flasker etc. Eg har hoppa over to hentingar så eg har veldig myke. Det er så bra at vi har VØR som ordnar opp for oss. Eg hugsa korleis det var før i tida, vi visste ikkje kvar vi skulle gjere av bosset.

Det var kjekt å få desse fine dagane no på slutten av sommaren. No kjem vel hausten snart og det er den årstida eg likar best-viss det er fint ver, vel å merke.

onsdag, august 26, 2026

Dagbok 2026: 26.august

Klokka er no 18.36, temperaturen ute er +20 grader C og det har vore ein nydeleg dag, med sol og varme. Eg var relativt tidleg oppe og fekk gjort litt husarbeid før eg køyrde til Vik. Det var nokre tablettar eg måtte ha, for det var tomt i boksen.

Det er så godt å ha fått bil igjen, for så greier eg meg mykje betre sjølv og slepp å bry andre, for eg må sjå i augene at eg ikkje greier å gå til Vik og opp att på mine gamle føter.

Elles har eg gjort fint lite i dag, for det meste har eg sete og sola meg i lag med Marit oppe på platten, Men det vart så varmt at eg gjekk ned att til meg sjølv og sat på altanen, der var det litt frisk vind. Trur eg sovna ei lita stund også. 

Eg står på altanen og ser ned i hagen. Førre veka klipte eg graset nede i skråninga, og då vart mykje liggande att. Det var ikkje så gale for no har det vakse opp nytt grønt gras, og der ligg berre nokre små dottar med tørt gras-att. 

Oppe på plenen ser det verre ut for der har eg klipt grundig, det som gjer at det blir stygt er at der er så mykje mose i lag med graset. Men eg har ein plan!!!!

Fredag kjem Solveig som no er pensjonist og hjelper meg litt med diverse før ho og Øystein reiser til Roma på ferie.

NO er klokka 19, så eg har ein sjanse på å få sjå nyheiter.



 

mandag, august 24, 2026

Dagbok 2026:24. august


 Klokka er no 20.44, men det er lyst og fint ute enno. Det har vore ein fin dag. Sidan eg ikkje kom meg inn på datamaskina for å lese kva legen hadde fått ut av prøven eg tok  for nokre dagar sidan, tok eg like godt bilen og køyrde ned og snakka med ei av dei som sit i mottaket , og det var heilt greitt ; Eg fekk vite resultatet av prøven og det var at det ikkje var endringar i det heile tatt. Og det var no bra. Eit halvt år til neste prøve.

Då eg kom heim att begynte eg å klippe plen. Det er litt av ein jobb, for plenen er mjuk av mose, så det er vanskeleg å få der fint. Eg klipte først ein gong, så måtte eg ladde batteriet og klippe ein gong til. Eg klipte berre plenen rundt huset, eg orka ikkje å ta skråninga. Med så mykje mose som det er over alt blir det aldri så fint som det skal vere.  Etter kvart slappa eg heilt av, og så var eg oppe hos Marit ei stund,. då var det blitt så fint og stilt at vi kunne sitte ute ei stund.

Middagen i dag vart restar frå i går, og så kunne eg endeleg sette meg til med strikketøyet mitt framfor TV-en. Det er så kjekt å kunne strikke litt igjen, det har vore ei lang tid sidan sist. Eg må berre passe på å ikkje gjere for mykje av det.

 Fekk melding frå Solveig-no er ho pensjonist, Øystein har visst nokre dagar til  før han kan ta fri. Eg reknar med at det blir ein tur til Roma med det første.Men Solveig ville no komme ein tur hit først.




søndag, august 23, 2026

Dagbok 2026:23.august


 Klokka er no18.20, temperaturen ute er ca15 grader C, det er overskya og skodde , men opplett.Men skodda ligg nesten heilt ned på jorda.

Eg har vore her åleine heile dagen, men eg finn no på litt av kvart, til dømes vaskar eg klede, så strikkar eg litt innimellon, løyser sudokuar og så har eg lurt meg til å jobbe litt i hagen, ganske stillferdig har eg klipt gras med saks her og der. PÅ bildet kan ein sjå ein stor flat stein som ligg rett ovafor plommetreet. Den steinen er MIN, seier eg. I dag har eg klipt graset rundt steinen slik at den skulle bli meir synleg. I fjor klipte eg også rundt den , men då skure eg den ¨så  steinen kunne glitre der den ligg i sola. Så langt er eg ikkje komen i år- men berre vent.

Elles lurer eg meg til å strikke litt og sjå TV. Det er alltid noko å finne på når ein er åleine også,  eg saknar no sjølvsagt å ha her nokon, men det er ikkje synd i meg for i går var eg i lag med Margrete så å seie heile dagen. Dessutan trivst eg bra åleine også

lørdag, august 22, 2026

Dagbok 2026:22.august

                 Bildet har eg tatt frå altanen mot vest litt før klokka 21.


Klokka er no ca20.30, temperaturen ute er + 14 grader, det er overskya , men opplett. Dette har vore ein litt rar dag for meg, eg hadde ingen planar for dagen, så det vart ikkje mykje gjort. På føremiddagen strikka eg ferdig ein lest og så laga eg bomkålsuppe til middag. Eg fann på å ha meir grønsaker i suppa så eg tømte nedi ganske mykje  kjøpte frosne grønsaker- og jammen vart det godt og sikkert veldig sunt.

Eg var litt surrete i dag ,visste ikkje kva eg skulle gjere, men så fann eg på å legge meg på sofaen i stova- og der sovna eg. Kor lenge eg sov har eg inga aning om, men eg trur det var nokså lenge. Det var sikkert eit behov, men eg trur ikkje at eg har sove på den sofaen før.

Eg veit a Marit gjerne vil at eg skal komme opp ein tur, så då vart det neste post i programmet. Eg vart no sittande å prate ei god stund, som vanleg, før eg gjekk ned att.

Då la eg opp til lest nummer to og strikka eit par omgangar før eg kom på at eg skulle skrive blogg. So de ser har det ikkje hendt meg mykje i dag, men det kjem ein dag i morgon også.-ein helgedag.  Og det er ikkje så viktig at det hender så mykje-det hender NOK i den store vide verda- Eg skulle ønske at vi fekk litt betre og varmare ver no før hausten kjem, sommaren vart liksom litt for kort.Håper alle får/har ei god helg.

fredag, august 21, 2026

Dagbok 2026:21.august



                                      Best å vere inne i dag.

Klokka er no ca19.30 ,

 temperaturen ute er +11 graderC, det er overskya og det regnar inimellom, ein nokså grå dag. Eg var rimeleg tidleg oppe i dag, som vanleg, og i dag visste eg at Margrete skulle komme ein tur. Eg sat og strikka ei stund, men så tok eg ein tur på butikken for eg mangla litt av kvart, men det var ingen problem -for eg hadde bil! Eg kom heim att og begynte å strikke igjen-men så kom Margrete. Vi hadde mykje å snakke om for det var ei stund sidan sist.- Eg kokte kaffi og Margrete hadde sjokolade- slik sjokolade som eg er svak for.

Etter ei stund gjekk turen til Volda der vi skulle gå på kafe.Men først fekk eg kjøpt meg noko som eg mangla-ein heklekrok, ikkje fordi eg skal hekle,men fordi eg skal plukke opp masker som fell av pinnen når eg strikkar- Så blei det Kina-mat i dag, stor porsjon, så eg er rimeleg godt mett. Men eg kan ikkje la vere å tenkje på at det hadde vore godt med litt kaffi og sjokolade no-eller kanskje seinare i kveld! Takk til Margrete for ein kjekk dag.

torsdag, august 20, 2026

Dagbok 2026; 20.august



Klokka er no18.30, temperaturen ute  er + 14 graderC og det regnar så smått. I går var det ganske fint ver, og eg fekk gjort mykje ute; i dag var det innever, så då var eg glad for alt eg hadde gjort i går. I dag hadde eg ikkje tenkt å gjere så mykje, men eg hadde eit par ærend i Vik, så det vart ein biltur. Eg køyrer ikkje meir enn eg treng og i dag hadde eg eit par ærend i sentrum, eg er så glad for at eg kan få gjort slike små ærend utan å måtte "leige" hjelp. 

Eg var litt låk i føtene etter gårsdagens jobb, men det går relativt fort over når eg tek ein halv strikkedag. Det var så kjekt å få strikke litt igjen, men eg må vere veldig forsiktig, for no er det venstre handa som protesterer litt, det er den handa som eg braut for nokre år sidan.

Eg hadde ingen planar for morgondagen, men no fekk eg melding frå Margrete om at ho har fri i morgon og vil komme ein tur. Eg ser fram til å få høyre nytt frå jobben hennar etc, vi får sjå kva vi  finn på. Eg må kanskje ein tur på butikken før ho kjem, for eg gløymde diverse i dag. No kan eg fare på butikk kvar dag om eg vil.
 

onsdag, august 19, 2026

Dagbok 2026:19.august

NB: Eg har rydda bort dette no.


I dag var dei og henta boss, og eg fekk av garde mykje, men her er enno noko att til neste gong-og det er vel ei stund til. Eg kan no gøyme bort litt av rotet til den tid.

Klokka er no 17.10, temperaturen ute er +18 graderC og sola skin, det har ho gjort i heile dag.

I dag hadde eg bestemt meg for å gjere diverse, og eg starta opp med å spyle altanen. Eg forar ein skokk med fuglar der ute og dei rotar med frøa dei får, der er nemnleg skal på frøa og desse skala ligg att.Og når vi går ut på altanen dreg vi med oss rusk inn. Men i dag vart der altså reingjort og desse frøa har eg brukt opp..

Då eg var ferdig med den jobben tok eg fredagsvasken som eg brukar å kalle den, det vil seie at eg vaskar skikkeleg på bad og kjøkken.- Og så var det tid for grasklipp. Batteriet var ladda så det var berre å sette i gang, eg må berre seie at den klipparen eg har no høver ikkje så godt for meg, men eg kjem no i land på ein måte. Heldigvis klipper naboen den plenen som ligg opp til vegen, så ser no der skikkeleg ut.

Då vart det tid for å sette batteriet på ladding, og eg kunne lage meg litt mat- og så såg eg at Marit var ute, så eg måtte opp og prate litt med henne etterpå-

Eg strikka ferdig andre lesten i går kveld, men der er noko eg må fikse før den er heilt i orden. Veldig kjekt å få strikke litt igjen, no må eg berre ikkje overdrive.

Fint ver har vi i alle fall hatt i dag, så sommaren er ikkje heilt over for oss som har heilårsferie.
 

tirsdag, august 18, 2026

                                        Her står batteriet på ladding.


Klokka er no 18.47, temperaturen ute er + 16 grader C, Sola skin som ho har gjort i heile dag(trur eg).

Eg har hatt ein rimeleg aktiv dag i dag. Eg fekk melding frå Einar om at han ville komme og hjelpe meg med å rydde i garasjen. Då kom eg på at eg måtte ha noko på butikken , så då vart det ein liten biltur på meg, eg må berre seie det endå ein gong at det er veldig bra for meg å ha bil, når eg ikkje er så lett på foten. 

Eg tenkte eg kunne klippe litt gras mens eg venta på Einar, men då eg hadde klipt ei stund og gjekk opp att på tunet, var Einar komen. Han jobbar fort, så eg trur han ryddar meir på ei lita stund enn eg gjer på timesvis. Men før vi tok ryddinga heilt ut, åt vi middag og drakk kaffi. Det var ei stor lette for meg å få vekk så mykje av garasjerotet mitt, det var i grunnen ikkje mine ting, men mest slikt styr så Nils hadde hatt når han fiska, ja, og diverse malarkostar etc, som Einar har når han målar på huset her. Og diverse "rot" som låg att etter snikkaren.Og det han ikkje tok med seg står her i sekkar som eg skal ha opp i dei grøne boksane som vert henta av VØR.

Eg tok meg ein pause då eg vart ålene, men så var det han igjen  med plenklipping når batteriet var opplada. Eg klipper og klipper, og graset veks, så eg vart ikkje ferdig i dag heller. Den skråninga nedanfor huset er dryg og batteriet til klipparen treng 4 timar til å ladde opp, så alt tar si tid. Eg veit at dei som er unge og spreke og kan springe med klipparen, dei gjer jobben mykje lettare og fortare.
 

I dag var det ny avis, og der kunne eg lese at Erlend og nokre andre hadde spelt og sunge nede i Vik-utan at eg visste om det. Eg trur han skal synge i kveld også for dei var her og henta han med bil. Han har ikkje bil sjølv -så han blir henta. No skal eg slappe av og høyre nyheiter mellom anna -og så strikkar eg igjen -men ikkje for mykje.

mandag, august 17, 2026

Dagbok 2026: 17.august


 Så er vi komne til klokka 18.10 i dag, og sola har nettopp funne oss. Heilt typisk for denne sommaren  er at vi får kveldsol-og berre det. Men betre seint enn aldri.

Eg var tidleg oppe i dag for eg skulle til legen. Eg er ikkje sjuk, men fastlegen min hadde sagt at eg måtte ha eit treff med den nye legen når eg fekk vite kven det var. Eg trudde eg skulle få ei stund med henne for å bli kjent, men der var så mykje folk  i dag at ho kunne ikkje ta seg så mykje fri-trudde eg.. Så eg bad om å få ta ein blodprøve og dett var dett. Eg har no i alle fall sett henne.

Eg kom meg no fort heim att og der gjekk eg opp til Marit. Ho har ikkje vor så frisk siste dagane, og ho set pris på at eg kjem.

Men eg hadde no ein jobb å gjere også. Og i dag gjekk det veldig fint å klippe plen. Eg skubba klipparen med handemakt så det vart passeleg fart så eg klipte rundt huset og oppe med postkassane og litt nede i hagen. før det var slutt på straumen. No har eg ladda opp att batteriet, men eg trur ikkje eg skal klippe meir i kveld.

Einar har sendt meg ei melding om at han vil kome i morgon og sjå kva vi kan kaste av det som er i garasjen, og det er no ei god hjelp for meg. Det er ikkje så farleg om ein ikkje klipper plenane så ofte no, for graset veks ikkje så fort no lenger.

Eg har sjekka svartsurbæra mine, dei er ikkje modne enno, men eg må passe på når det lid på elles tek fuglane alt.


søndag, august 16, 2026

Dagbok 2026: 16.august



 


Klokka er no 18.40, temperaturen ute er+16 grader C og det blæs litt. PÅ bildet over her ser vi svartsurbærbuska mi. Det er ingen ting som er som det skal vere i år, så eg veit ikkje korleis det går med svartsurbæra. Men blir dei bra må eg skunde meg å plukke dei før  småfuglane kjem og tek alt.

Det har vore ein kald og sur dag i dag, så eg har halde meg inne. Eg var frista til å prøve om eg kunne gå på Vernet, men eg slo det frå meg. Eg har vore her inne i heile dag -åleine, men det er eg no ofte. Eg har strikka litt og jobba med ein sudoku som eg ikkje fekk til. Det  ergrar meg kolossalt.
Eg synest også vi kunne fått litt meir sol og varme, så kunne andre få mindre, men dette styrer ikkje eg.
I dag strikka eg ferdig den første lesten i år, eg har ikkje kunna strikke på grunn av ei vond hand, men no er handa blitt betre ,så eg kan no prøve meg fram. Eg likar å ha noko å pusle med når eg ser TV-
I morgon skal eg  på legesenteret og helse på den nye fastlegen min, eg er ikkje sjuk altså.(Sjuk er eg veldig sjelden)
Det vart litt finare ver no mot kvelden-slik er det ofte her.


lørdag, august 15, 2026

Dagbok 2026.: 15.august



Klokka er no 20.14, temperaturen ute er +13 grader C, og det regnar meir og mindre, slik det har gjort i heile dag. I dagmorgon var det opplett så eg planla å klippe plen. Men først måtte eg på butikken og handle inn mat til helga, må no ha litt ekstra då i tilfelle det skulle kome nokon.  Eg var så vidt komen heim att, så fekk eg melding frå Solveig om at ho var på veg. Det vart eg no sjølvsgt glad for,  og eg mistenkte at ho hadde tenkt å klippe plen. Eg tok ikkje feil, men ho var ikkje før komen, så begynte det å regne. 
Heldigvis hadde eg nesten sagt, for så fekk ho heller hjelpe meg med stikketøyet mitt. Før jul strikka eg minst ein lest for dag, men når eg no skulle prøve meg, hugsa eg ikkje korleis eg skulle felle av hælen. No fekk eg ny opplæring så no kan eg kanskje unne meg å strikke litt av og til-men eg må passe handa mi, for heilt god er den ikkje enno. . 
Det vart ikkje plenklipping i dag altså, men håper det lettar opp over helga. VI har hatt ein trasig August i år når det gjeld ver. Eg brukar å seie at august er den finaste månaden-men det passar ikkje i år. Det ser ut som om eg brukar samme bilda om att her på bloggen, men det gjer eg ikkje, sjølv om det ser slik ut. At veret  er slik som det er kan vi i grunnen vere litt glade for. Det er verre for dei som får altfor mykje sol og varme.Eg set no her åleine framfor TV-en med strikketøyet mitt. Men eg har det godt.
 

fredag, august 14, 2026

Dagbok 2026: 14.august

                    I dag har det regna, og eg har ikkje sett sola

Klokka er no 17.24, temperaturen ute er +15 graderC, og det er nokså overskya   -og eg er glad for både skyer og regn og den låge temperaturen. Eg har nettopp sett på TV og høyrt dei snakke om skogbrannar og voldsomme hetebølger osv.  Då vart eg glad for at det ikkje er slik her, sjølvsagt kan ein ønske seg sol og sommar, men med måte.

Eg kan seie at eg har hatt ein kjedeleg dag, har gått her åleine og ikkje gjort så mykje. Men eg har valt det sjølv! Det var sjølvsagt litt av kvart eg skulle ha gjort, men eg få gjere det i morgon.Kanskje.

Det var langt ut på ettermiddagen før eg kom på å gjere noko ute. Det hadde regna så eg trudde ikkje eg kunne bruke klipparen, så eg jobba for hand i staden, rydda og klipte etc. her og der. Det beste med ein hage er at ein aldri blir arbeidslaus-om ein ikkje vil. Det er visst opplett no, men det har kome nokre byger i dag.

I dag var eg så god i føtene at eg lurte på å gå på Fonnvernet. Det blei ikkje i dag, men eg har håp om at det kan bli ein gong. Eg har vore låk i føtene lenge, men kanskje det kjem seg?

Dagane og vekene fer så fort forbi, og i morgon er det laurdag igjen. Då må eg  ein tur på butikken, og kanskje kjem det nokon på besøk. Det er aldri godt å vite.

I dag har det hendt veldig lite , så eg har lite å skrive om.


torsdag, august 13, 2026

Dagbok 2026: 13.august


Klokka er no 19.41, temperaturen ute er +16 graderC. Det har vore rimeleg bra ver i dag, men det kom litt regn også.
Eg har bestemt meg for å rydde i garasjen, men å ta det med ro, gjere litt kvar dag, så kjem ein vel i hamn ein gong. Det er ikkje godt å forstå kor mykje arbeid det er, viss ein ikkje har gjort noko liknande sjølv. I dag har eg til dømes vaska opp ein god del klede som har vore brukte i arbeid, med til dømes maling av hus etc. Ja, det var no maskinene som vaska og tørka . 
Eg hadde også ein annan jobb i dag, eg plukka alle solbæra i hagen,der er eit lite tre som hadde mykje bær og eit stiort tre som eg klipte ned i fjor, der var veldig lite bær. Det vart ikkje så mykje, men no er det i alle fall gjort. 
Etterpå var eg oppe hos Marit og sat og prata ei stund før eg gjekk heim og åt middag. No  blir det TV resten av kvelden, men eg får ikkje strikke fordi eg har gløymt hælfellinga, dessutan trur eg ikkje det gjer godt for handa mi, i går måtte eg til å sette på meg armbindet igjen, og no har e vore bra lenge. Ein ting var bra i dag, eg var ikkje så låk i føtene som eg har vore i det siste.
I dag var det første skuledagen for mange, men eg saknar ikkje skulen-eg likar betre på vere fri-men det er no for det eg er gammal. Solveig skal  bli pensjonist no, men Rasmus ventar til over jul før han gir seg.



 

onsdag, august 12, 2026

Dagbok 2026:12.august


 Klokka er no19.05, temperaturen ute er 16  grader C, det er overskya og opplett, men det ser ut til at vi skal få litt regn.

Det har ikkje hendt mykje i dag, eg har ikkje vore ute for ei dør-nesten, og har ikkje snakka med ei levande sjel. Eg hadde tenkt meg ut å plukke bær på føremiddagen, men så var det ikkje fritt for at det skulle regne. Utpå dagen laga eg middag , det vil seie at eg tok fram det som var att frå i går og varma det opp. Det vart litt mykje rot syntest eg, så eg tok og vaska opp for hand og fekk orden på kjøkkenet. Eg var veldig trøtt, så eg la meg inn på senga og sovna straks -og sov i fleire timar. Slikt har aldri hendt før, og det bør ikkje hende heller. No er eg oppe- sjølvsagt, og ventar på solformørkning. Det står på kalenderen at det er onsdag, men oppe i hovudet mitt er det søndag.Men det kan ein ikkje bry seg om.

tirsdag, august 11, 2026

Dagbok 2026: 11,august

Klokka er no 19.13, temperaturen ute er +12 graderC og det er mest skyer på himmelen, men det regnar ikkje. 

Dette har vore ein fredeleg dag,utan mange hendingar, og då snakkar eg for meg sjølv. Eg har vore åleine heime i dag, men hadde ein tur på butikken på føremiddagen,. Eg hadde nemleg ikkje att kaffi, og det må ein no ha. På butikken var der full kaos , dei driv og har ut benkane og bordet , der dei har hatt utsal av ferdiglaga mat. Eg tru mange kjem til å sakne den disken. Eg veit ikkje kva som kan kome i staden.

Til middag i dag hadde eg rikeleg att frå i går, eg har ikkje laga desserten enno, men den får eg ta til kvelds-  kanskje.

Eg har vore oppe hos Marit og drukke kaffi og ete is, og prata - ikkje minst. Same kor mykje vi er i lag så har vi mykje å snakke om. Og går vi tomme kan vi begynne frå start igjen. Eg føler på at det har vore sundag,men kalenderen seier at det er tysdag.

NO kom eg på at eg skulle ha plukka bær i dag for det har no vore opplett, men så får eg heller sette det på timeplanen for morgondagen. Der er ein del solbær som eg vil berge. 
 

Dagbok 2026: 31.august

Endeleg kom sola, seint på ettermiddagen fekk vi endeleg   nokre etterlengta stålar, men betre seint enn aldri   Klokka er no 20.21, tempera...