Klokka er no16.53, temperaturen ute er + 16 grader C, og det regnar litt, men vi har blitt vande med det no. Vi hadde ein finvår og forsommar, men så vart det slutt. Men vi har det i alle fall grønt og fint. Øystein klipte i bakken her så her er det fint. Eg trur ikkje det er eit einaste eple på det gamle epletreet i år, og samme kan dt vere for dei gjekk for det meste i bosset siste åra.
I dag har eg lata meg og sete for det meste i godstolen, men eg var på ein liten tur til butikken og kjøpte inn litt matvarer. Der trefte eg ein av naboane i gata og informerte han om bilen min som er komen tilbake. Eg trefte gså ei veninne frå pensjonistlaget, ho har slutta å køyre bil no, men ho er over 90 år gammal.Det er kjekt å handle på "Nærbutikken" for då møter ein ofte folke ein kjenner.
Eg har gjort lite og ingenting i dag, eg er litt låk i føtene etter alt hagestyret så eg er litt handikappa, ikkje i hendene, men føtene.I dag har er tatt heilt fri, men eg lurer kvar dag på om eg kan begynne å strikke igjen.
I bakken her har eg litt bærproduksjon, ikkje alle bæra er like fine/gode men eg har nokre bra solbær. Men eg synest ikkje det er kjekt å plukke bær når det regnar, så eg få vente litt og sjå. Eg har berre ei ripsbuske att og den klipte eg så mykje ned i fjor at der ikkje er eit einaste bær i år. Det er ikkje så farleg.
I dag har eg lata meg skikkeleg, det er greit nok, eg skulle gjerne ha gått tur på Vernet, men beina mine er ikkje heilt i orden -eg har litt problem med å gå -men håper eg blir bra igjen. Klokka er berre 17.15 så det kan enno skje noko i dag, men då får eg skrive det seinare.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar