tirsdag, juni 30, 2026

Dagbok 2026: 30.juni


Klokka er no19.48. temperaturen ute er + 16 grader C,  det har vore litt nedbør av og til i dag, men ikkje mykje. Men det er ikkje sommar på same måten som vi ser på TV.
I dag kom ein av naboane med det samme eg var oppe nesten. Han ville hjelpe meg med den nye grasklipparen- Og han demonstrerte korleis eg skulle gjere og det gjekk heilt fint. Eg fekk beskjed om å gjere klipparen rein, for gras etc. så eg tok ut batteriet og så spylte og rensa eg  klipparen for gras. Då eg skulle prøve å sette den på igjen litt seinare,fekk eg det kkje til. Og han som hjelpte meg var ikkje heime lenger. 
Eg forstår ikkje at eg ikkje kan få til å starte opp, når alle andre gjer det.
Men så fann eg no kantkloipparen med sen i- så då kunne eg bruke den. Det gjekk ca5 meter så var det stopp der også. Så det var lite eg fekk gjort i hagen i dag også, eg klipte litt gras her og der med ei saks, det var alt-nesten. 
Elles har eg gjort lite og ingenting, berre litt husarbeid,og så ser eg no nyheiter-det er ikkje til å unngå-
Her er nesten ikkje folk å sjå, trur alle er på ferie, men ikkje Marit i alle fall så eg er ikkje heilt åleine i gata. Neida.!  Eg ville at han skulle komme å sjå på klipparen, men som hadde hjelpt meg, men då var han borte vekk og eg veitikkje om han er komen heim att no.



 

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 30.juni

Klokka er no19.48. temperaturen ute er + 16 grader C,  det har vore litt nedbør av og til i dag, men ikkje mykje. Men det er ikkje sommar på...