torsdag, mai 21, 2026

Dagbok 2026:21.mai

 

                        Akkurat no. Klokka er 20.45, Temperaturen ute er +11 grader                             C,og det er overskya.  Regn har det også vore i dag.

                I dag tok eg fredagsvasken før Ragnhild kom og henta meg, eg hadde spurt om ho kunne komme og køyre  meg så kunne vi gå på kafe før eg skulle på apoteket. Eg er framleis utan bil, så eg treng litt hjelp. Og ikkje visste eg at ho hadde brote ei hand.

Vi gjekk på kafeen i det gamle huset i  hagen , prata og åt og drakk kaffi før vi gjekk ned på ALTI. Eg fekk det eg skulle på apoteket og etterpå handla eg litt mat på Bunnpris. 

Då eg kom heim såg eg at det hadde regna på sengetøyet som hang på altanen, så det vart putta i vaskemaskina.

Elles har eg sete og sett TV, men eg har også lese i ei bok som eg skal skrive om seinare. Så det har ikkje blitt hagearbeid i dag, og ikkje tur på Vernet heller. Håper det blir fint ver i morgon så eg kan vere ute og rydde i hagen.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026:21.mai

                          Akkurat no. Klokka er 20.45, Temperaturen ute er +11 grader                             C,og det er overskya.  Reg...