tirsdag, mai 05, 2026

Dagbok 2026: 5.mai


 Klokka er no 16.42, temperaturen ute er +10 grader C, og sola strever enno med å komme gjennom skydekket. Vi har hatt mykje fint ver denne vinteren og våren, og aldri før har eg sett så mange grøne bjørker i april. Snø har vi knapt sett i den vinteren som no er forbi. Og så  kjem vi til5.mai og står opp til mykje nysnø over alt. Den snøen var ikkje velkomen her i alle fall. Eg har ting som eg skal gjere i hagen til dømes- og no blir alt forseinka. Berre litt av hagen har fått klipping mellom anna. Først langt ut på dagen begymte snøen å smelte og mykje ligg enno att. Eg har ikkje kome meg til med så mykje i dag, men etter kvart fann eg ein jobb som stod på vent.

Eg har ikkje gått på Vernet i dag , eg brukar ikkje å gå der når det er snø og is og glatt, men det kan hende eg tek ein tur no. Det er litt rart å sjå ut på alle dei grøne trea i snøen.

                        No er klokka 17 og mesteparten av snøen er borte.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 5.mai

 Klokka er no 16.42, temperaturen ute er +10 grader C, og sola strever enno med å komme gjennom skydekket. Vi har hatt mykje fint ver denne ...