lørdag, mai 23, 2026

Dagbok 2026: 23.mai :Pinsaften

Klokka er no ca 21, temperaturen ute  er+10 graderC,og i dag har det stort sett vore overskya og regnbyger, trur eg. Eg har i alle fall vore inne heile dagen og stort sett sete i ro og lese. Så no har eg lese ut boka eg fekk av naboen, den han har skrive sjølv. Det var kjekt å lese den,og no kan eg i alle fall seie at eg har lese EI bok dette året, eg håper det blir fleire. Eg som var så glad i å lese bøker, har heilt slutta med det, men eg ønsker å begynne å lese igjen.

I dag har eg stort sett gjort ingen ting anna enn å lese og ete, men no på sein ettermiddag ropte Marit på meg så eg var ope hos henne og åt keldsmat og såg litt TV. Men mest prata vi- Eg har ikkje heilt forstått at det skal kome to helgedagar , og eg har ikkje planlagt noko. Men om nokon ville komme på besøk har eg alltid is og kaffi.  Eg kunne ønska meg litt finare ver, men bra om det kjem grønt gras på plenen som eg klipte i går. Eg var litt dum, eg forstod ikkje kvifor klipparen stoppa heile tida, men så gjekk der opp eit lys, og eg forstod at eg hadde stilt den for langt ned.Så no håper eg at graset veks fort, så plenen kan bli skikkeleg grøn igjen-helst utan løvetenner.
 


                                                        God pinse !

Ingen kommentarer:

Dagbok 2026: 23.mai :Pinsaften

Klokka er no ca 21, temperaturen ute  er+10 graderC,og i dag har det stort sett vore overskya og regnbyger, trur eg. Eg har i alle fall vore...