Klokka er no20.42, temperaturen ute er + 13 grader C.Det er litt sol og litt skyer, og vi har hatt rimeleg fint ver i dag også.. Eg hadde som vanleg store tankar om kva eg kunne få gjort ute; og først ville eg klippe plenen rundt huset. Men sjølv om eg hadde hatt batteriet ståande på opplading lenge, fekk eg ikkje i gang grasklipparen. Men eg kunne vatne i hagen i dag , tenkte eg, for det har no vel vore litt tørt.Det var første gongen eg vatna i hagen i år. Etterpå sat eg ei stund oppe hos Marit på Platten-der sit vi når det er sol.
Men etter kvart kom eg no ned til meg sjølv og ville prøve grasklipparen igjen, og no gjekk den som ei klokke og eg fekk klipt heile plenen og litt ned i skråninga også. Eg får fleire og fleire sekker meg gras og anna hageavfall som eg må på VØR med, berre eg har ein bil-det har eg framleis ikkje.
Eg gjekk inn og laga meg litt middagsmat før eg sette meg til å lese i boka eg fekk av Torbjørn. Eg synest den er interessant å lese i, og eg greier å lese mykje utan briller, for eg har fått eit sår bak øyret, så det er vondt å ha brillene på seg.
I morgon må eg ein tur til Vik og ALTI for eg må på apoteket og kjøpe medisin.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar