Klokka er no 18.46,temperaturen ute er+11 grader C, og vi har hatt regnbyger i dag. Men for meg gjer det ingen ting for eg har vore inne med ei vond hofte heile dagen. Men eg har hatt det kjekt, for Solbveig kom på besøk tidleg på dag og ikkje så lenge etter at ho hadde reist kom Marit ned ein tur. Eg er liksom pasient no, for di eg er så låk i venstre hofta.Eg har legetime tysdag allereie så eg håper eg kan få litt hjelp då.
Eg har så vidt vore ute ei lita stund i dag, for sjølv om det kjem ei byge no og då, var det knusktørt i beddet nedanfor garasjen. Så eg tok slangen og vatna.
Etter at Solveig hadde reist, var eg her åleine ei stund, men så kom Marit ned, såpass vi fekk oppdatert kvarandre. Og i morgon er det også helg. For oss som har ferie heile året er det ikkje så stor skilnad på helg og yrkedagar, men på helgedagar får vi gjerne besøk.
Eg skal ikkje nekte for at det er trasig å vere låk i hofta, eg kan ikkje gå på Vernet ein gong, og det saknar eg veldig.
Håper det blir litt betre ver etter kvar, skulle gjerne hatt ei stund på solsenga no-når eg ikkje kan gjere noko uansett.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar