Klokka er no 18.07, temperaturen ute er +14 grader, det er overskya og det har regna. Eg er litt skuffa over veret vi har hatt i den første sommarmånaden; men når eg tenkjer etter hugsar eg mange kalde våte dagar i juni. I dag fyller Margrete 57 år, midt opp i sluttspurten på skuleåret, som vanleg. Men ho og eg hadde no ei lita feiring før i veka.
Sidan det er fredag, har eg vaska litt hus etc. Litt klesvask og oppvask blir det også i slutten av veka.
Eg såg at naboen klipte plen, så eg prøvde meg litt eg også, men det var vått og tungt og så var eg litt redd for foten min, så eg klipte ikkje mykje. Men eg fekk klipt på vestsida av huset, der har eg ikkje klipt før i år. Det må no vel snart bli litt tørrare slik at vi får ordna opp.
I dag reiste Rasmus med heile familien til Mauritius. Eg håper dei får ein fin tur og kjem heim att i "god behold".
Eg kjem ikkje til å reise mykje i sommar, men Margrete har lova at vi skal ta ein tur til Raudeberg-og det har eg lyst til.
Etter eg var ferdig med husarbeidet i dag,hadde Marit og eg oss ein tur på KIWI og der trefte vi naboar som vi ikkje har sett på ei stund.
I dag morgon gjekk eg ut i postkassa og fann ei avis, sette meg til med sudokuen med ein gong, og den var løyst i 1-2-3-. Litt rart for fredags-sudokuane brukar å vere litt vanskelege-seinare oppdaga eg at det var tysdagsavisa eg hadde henta i boksen-fredagsavisa henta eg seinare.og der er sudokuen like vanskeleg som den brukar å vere.
Eg fekk takkekort med bilde av konfirmanten på Kongsberg; eg fann ei brukbar ramme som eg sette bildet i.Han er så fin! Eg har mykje bilde av barn, barnebarn og oldebarn rundt omkring i huset og eg synest det er kjekt med alle bilda.
No får eg visst snart legge opp til eit nytt lestepar, eg strikkar lestar av garnlageret til Solveig, såpass ingen skal fryse på føtene når eg sluttar å strikke.
Håper alle får ei fin helg -og at sola kjem fram.
Eg fekk klipt berre ei lita stripe av plenen før eg måtte gi opp. Det skal bli eit styr når det ein gong tørkar opp-God helg!


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar