onsdag, juni 18, 2025

Dagbok 2025: 18.juni


 Klokka er no17.40, temperaturen ute er + 10 grader C og det regnar og regnar. Den einaste fordelen med det er at eg slepp å vatne. Men no går det mot kveld og då kan det hende vi får sjå sola ei lita stund.

Denne dagen vart det ikkje gjort så mykje fornuftig, sjølv om eg prøvde.Onsdag er einheimedag, stort sett, så eg sette meg føre å jobbe litt i huset. Eg begynte å rydde litt på "Roserommet", men det vart liksom berre å flytte på rotet. Eg skal innrømme at eg har veldig mykje som eg ikkje treng, men der er ingen andre som vil ha det , og ein kan no ikkje kaste det heller? Er det nokon som kjenner seg att?

Eg sa til Marit et ho måtte komme ned ein tur og det gjorde ho,så då fekk eg no selskap ei stund. så fann eg ut at eg kunne lage brød for eg hadde alt som skulle til. Dvs. då eg skulle opne gjer-pakken var gjera skrumpa inn til nesten ingen ting. Men eg hadde tørrgjer, så det vart no nokre brøfd til slutt. Men dei var ikkje akkurat førsteklasses. Men eg hadde no gleden av og grise til kjøkkenet og rydde opp att.

Så vart det på med TV-en og så kjem heile verda inn i stova med bomber og trusslar - eg held det ikkje ut. At ikkje statsmennene kan holde fred!!!

I gar hadde eg ein kjekk dag i lag med Margrete og Erlend så då fekk eg krigane litt på avstand. Når ein sit åleine og ser TV kam ein bli skremt. Men det er lov å slå av TV-en. Eg gjer det berre ikkje- 

I morgon er det trening igjen og fredag har Margrete fødselsdag. Dagen hennar blir sjelden feira i familien fordi den oftast fell påsiste skuledag før ferien.

Rasmus og heile familien hans reiser til Mauritius på fredag der han og Wenche gifta seg i året 2000. Eg håper dei får eon fin tur, sjølv om eg aller helst vil ha alle mine nær i desse tider.


               Der står ei lita rose under treet-den skulle eg ha planta i dag.

Ingen kommentarer:

 Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...