På føremiddagen gjekk eg ein tur på Vernet, det var kaldt til å begynne med, men det kom seg fort. Eg sat på nesten alle benkane og slikka sol. Eg trefte ein av naboane, ein eldre mann som mosjonerer med å sykle høgt og lågt kvar dag. Eg er ikkje heilt trygg på at det går godt. Men han var engstelig for ein annan nabo , ei dame, som han ikkje hadde sett på mange dagar. Heldigvis kunne eg fortelje korleis det hang i hop, så då vart han letta.
Då eg kom heim hengde eg ut flagget, for då såg eg fleire som hadde gjort det før. Elles har eg gjort lite og ingenting; eg har sete og strikka og sett TV og så har eg ete litt innimellom. Eg har litt godteri som eg har fått i gåve, så då må det vere lov å snope litt. Eg matar katten til Marit og no har ho så god appetitt som ho aldri har hatt før. Eg veit ikkje kva tid Marit kjem heim, men eg har kontakt med henne på Messenger. Der har eg prata med Rasmus også, synest det er litt trist at ikkje dei var med på "treffet " i går. Det blir vel ei ny sjanse til sommaren. Men vi skal no først ned dit i konfirmasjon til yngste guten. Det er 10.mai, så det er ikkje så lenge til

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar