Klokka er no19.19, temperaturen ute på trappa er minus 3 grader,. Det har vore rimeleg bra ver i dag, så vidt eg veit har det verken snødd eller regna.
Men det hadde snødd ganske mykje sidan Geir moka i går. Eg hadde så smått tenkt meg på butikk, men då måtte eg ev. moke snø først.
Marit inviterte meg til å vere hos dei i kveld i lag med andre gjestar. Det var no veldig hyggeleg, men eg var ikkje i humør til å vere i lag med folk, eg ville vere heime åleine, Det har eg vore mange andre gonger i seinare tid, og eg synest det er heilt OK.
Mykje av føremiddagen brukte eg på datamaskina, og fekk til slutt reparert mailen min-håper eg. Men noko står att.
Eg vart lei av heile maskina og gjekk ut og moka snø. Eg fann ikkje den spaden som Øystein hadde brukt, men eg har fleire spadar så det gjekk no bra. Det var ein heil jobb berre å ta trappa, og så tok eg noko med brettet på tunet. Eg hadde så smått tenkt meg på butikken, men slo det i frå meg, så eg trong ikkje moke meir. I fjor moka eg ikkje i det heile tatt, for då gjekk eg med boten hand. Handa er ikkje heilt god no heller, så eg begrensar meg litt.
No høyrer eg kor dei skyt ute. Det gjorde vi ikkje i min barndom og ungdom på Eid. Men der gjekk vi nyttårsbukk, det vil seie at vi kunne kle oss ut og gå på besøk til folk, og då fekk ein gjerne komme inn og få servering om ein ville. Og så måtte vertskapet finne ut kven ein var. Eg veit ikkje om dei har denne skikken enno.
Den siste dagen i året tenkjer ein gjerne tilbake til det som har hendt ,og det året vi no har lagt bak oss har har ikkje vore godt for alle; krigar og ulykker har prega 2024 i mange land, mens vi har hatt det bra her. Eg er nokså sikker på at FRED er det som alle ønsker for det nye året. Alle kan eg vel ikkje seie, for det er no visst nokon som vil ha KRIG ?
Eg skal skrive meir neste år,
Her har eg trakka veg til kjellaren då eg henta spaden. Kan vere bra for Erlend.Det har kome mykje snø sidan Geir var her og moka i går kveld