mandag, november 25, 2024

Dagbok 2024: 25.november


 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane.

Eg har berre så vidt vore ute for døra i dag, eg køyrde ned på butikken og kjøpte litt mat. Og dett var dett. 

Elles har eg vore her heime. eg stod ikkje tidleg opp i dag, så føremiddagen vart kort. Eg laga meg ei fiskesuppe i dag, men eg får ikkje rette smaken på den  når eg ikkje har skikkeleg fiskevatn, eller kva eg skal kalle det. Men eg åt i alle fall fisk, det skjer ikkje ofte.

Elles, det er flaut å seie det, men eg har site og strikka for det meste i dag. Eg har plundra litt innimellom så det har ikkje gått heilt glatt føre seg. Prøvde meg ein siste gong på sudokuen også utan å komme stort lenger, men i kveld klokka 10 går eg inn på Møre-Nytt på datamaskina og ser avisa som kjem i morgon, og der står løysinga, men også ein ny sudoku som kjem i mandagsavisa, og den er ikkje så vanskeleg som den i fredagsavisa. Det er hjernetrim å løyse desse sudokuane-trur eg .

Eg kjem ikkje til å gå på julebordet på hotellet på torsdag, det har eg bestemt, men eg går til frisøren og klipper håret uansett-det er no snart jul

Apropos jul så er folk veldig flinke til å lyse opp i vintermørket. Eg har no diverse eg også, men berre litt. Problemet er at er ikkje er sæ flink til å lage det til. 

PÅ bildet ser vi kva som ligg att av snø, men tunet er så å seie bert, etter at Øystein moka i går.

I dag har eg sete med ryggen mot YV-en og høyrt på programma.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...