tirsdag, august 01, 2023

Dagbok 2023: 1.august

Klokka er no 20.10, temperaturen ute er +18 grader C. Det har vore fint ver og sol det meste av dagen, men skodda ligg ei god stund utover morgonen, og kjem tidleg att om kvelden; men så lenge vi får ha sol om dagen, skal eg ikkje klage.

I dag hadde eg legetime klokka 11, så morgonen gjekk med til å prøve å få orden på håret etter at eg hadde vaska det. Eg lyktest ikkje heilt med det. Legetimen var berre ein liten prat med legen, og så ei lita blodprøve; det ser ikkje ut til at eg feiler så mykje, men eg må gå til kontroll to gonger i året for å sjekke om noko endrar seg. Eg torer å seie at eg har vore i betre form i år enn på lenge, men det kan fort snu i min alder.

Eg måtte ein tur på apoteket, og så handla eg på Kiwi på heimvegen. Eg har begynt med det at eg legg plastposane i veska når eg har tømt dei, det er veldig bra både for meg og miljøet.

Einar var komen i gang med å måle før eg for heimanfrå, så han hadde jobba ei god stund då eg kom heim. Eg begynte straks å lage middag, og klokka14.00 sette vi oss til og åt kjøttkaker med diverse tilbehør.

Då Einar reiste ut att, begynte eg å førebu neste besøk; Ingeborg skulle komme med 16-flyet frå Oslo og Margrete skulle hente henne på flyplassen og så skulle begge komme opp til meg. Eg steikte vaflar, for å gjere det enkelt. Dei kom som avtalt og Ingeborg hadde med seg hunden sin; den hadde vakse veldig mykje sidan jul og han var søt og kvikk, så no er der enda ein hund hos Margrete, fire i alt no.  Stakkars Charlie har blir vel trøtt av alle smårollingane.

I morgon må eg ta meg sammen å få rydda og vaska litt i huset, for då trur eg ikkje det er noko eg "skal". Einar skal ikkje male meir  på ei stund, han har ikkje fleire "fridagar" akkurat no.

Eg ser at både solbær og rips modnast fort no, så då blir det å plukke og kanskje sylte. Eg trur eg ha diverse bær i fryserane mine frå før.-


 

Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24: 19.mai Pinsedag

 Klokka er no19.15, temperaturen ute er +12 grader, det er litt vind og fin sol. Eg kom akkurat heim frå ein tur på Vernet, og det var frisk...