tirsdag, oktober 04, 2022

Dagbok 2022: 4.oktober

 

Klokka er no 16.50,Temperaturen ute er + 12grader C, og det regnar og regnar. Brubakk har slutta av for dagen, og det gjorde han rett i. I går var han her til klokka var nærmare 18. Eg hadde tenkt å gå ein tur på ettermiddagen, men det orkar eg ikkje. Eg har gått ned i tilbygget og henta  ved, eg brenn framleis på den veden eg sjølv kløyvde etter at Rasmus hadde vore her i sommar. Den veden er ikkje dryg , for å seie det slik, den brenn som papir. Men det blir no varmtog koseleg i stova

I dag har eg for så vidt hatt ein kjøkkendag. Rett etter frokost sette eg ein brøddeig og så strikka eg og såg TV så lenge deigen stod til heving.

Eg begynte å tenke på diverse mat som eg har i frysaren. Blant anna hadde eg ferdig utvatna klippfisk som eg hadde tenkt til Bacalao, men det var no altfor mykje til meg åleine. Då kom eg på den geniale ideen at eg kunne lage retten til meg sjøv og så eventuelt fryse restar. Som tenkt så gjort. Eg hadde nesten alle ingrediensane som skulle til, så det vart altså bacalao til middag i dag og sikkert i morgon, og når eg blir lei kan eg fryse resten. Heilt genialt.

Eg fekk ein stor oppvask, så eg måtte sette i gang maskina i dag, også vart det handoppvask i tillegg. Då eg hadde rydda kjøkkenet vart eg trøtt så eg la meg inn på dagsenga med lydok og kvilte ei stund før eg stod opp og henta ved og fyrte i på stova. No skal eg snart lage meg ein kaffikopp. Det er uvant å vere heime og inne ein heil kvardag, men i dag vart det ikkje trening, som sagt. I morgon skal vi på møte i pensjonistlaget, det er Den internasjonale eldredagen, og vi skal få mat frå kokkelinja på Yrkesskulen. Ja, det heiter  ikkje Yrkesskulen no lenger,då.

Det blir ikkje spansk denne veka

Mandag førstkomande, skal Marit og eg til Ulsteinvik på Øre-nese- hals- Marit skal ringe og spørje om vi får taxi denne gongen også. Eg skal innrømme at eg ikkje brukar høyreapparata så mykje, og spom regel brukar eg berre det eine.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 23.april

  Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...