mandag, september 05, 2022

Dagbok 2022: 5.september




 Klokka er no 17.22, temperaturen ute er + 21 grader C. Det har vore kjempefint ver , sol og varmt i dag. Men det er noko som eg enno ikkje veit grunnen til, "takmannen" kom ikkje i dag og ikkje har eg fått melding frå han heller. Eg vart gåande inne og passe på telefonen utover føremiddagen. Eg gjorde no litt til gagns i og med at eg stauk nokre klede. 

Men så måtte eg berre ut i det fine veret. Eg hadde vore låk i ryggen heile natta og sove dårleg, men no veit eg i alle fall at det er ryggen som er låk og ikkje foten. På grunn av ryggen må eg alltid ha ein stol med meg ute, så eg kan sette meg ned. Det som stod på timeplanen min i dag, var å rydde opp nedst i hagen , der bærbuskene står og dessutan to store rundingar med blomster.

Eg klipte skikkeleg rundt dei fire bærbuskene  og så fann eg feit, god mold i komposten  som eg la rundt stammane. Eg trur det gjorde godt. Eg har lese at solbær skal ha mykje næring, og der er to solbærbusker, pluss ei med stikkelsbær og ei med blåbær. Eg vart fornøgd med det eg gjorde.

Så var det hostaen-den er ikkje til pryd så seint på sommaren, så den klipte eg heilt ned + at eg renska ugras etc, i nærleiken. Samme behandlinga fekk dei gule liljene. Det vart mykje boss, tre store svarte sekker med "hageavfall" som eg tenkte eg skulle fare på VØR med i morgon. Eg har ikkje klipt plen i dag, det går ikkje så bra å klippe tidleg på dag, for då er det mykje dogg i graset, Men det kan hende eg går ut no om ei lita stund og klipper rundt hust om ikkje anna.

I morgon er det trening igjen, men vi er no tidleg ferdige så eg kan klippe etterpå.

Så fekk eg melding i dag om at spanskkurset skal starte opp den 28.september, så no er det haust for pensjonistar også.

Eg er veldig spent på om takmannen kjem i morgon, han er nesten ferdig å legge plater på oppsida av huset, men han er ikkje begynt på nedsida og så skal der nye takrenner opp også. Så skal eg få ny vegg på austsida, trur eg -og ny kjellardør, så her er ein del å ta tak i. Viss han ikkje kan komme,han som har vore her, så får eg eit problem. Men eg håper det beste. 

Kl.19,35. Bilda på dette innlegget er alle tatt ca 19.30

Eg har vore ute og klipt plen rundt huset og opp mot vegen, Skråninga får vente til i morgon. No har eg i alle fall fullt lass viss eg køyrer på VØR i morgon.

Eg kom inn att så eg fekk sjå Dagsrevyen. Nyheitene blir berre verre og verre for kvar dag, med tørke, flaum, krig , knivstikking og mykje anna, Under Coronapandemien trudde vi kanskje at alt skulle bli betre når den var over. Naturkatastrofane kan vi ikkje skulde på menneska alltid-men andre problem er det vi sjølve som lagar-ja ikkje akkurat eg då. Trur eg.


Sola var så låg på slutten då eg klipte at det vart eit lite problem. Då eg var oppe ca halv 7 i dag, var det sol i Melsbygda. Hit til oss kom ikkje sola før i halv 9-tida. Eg hugsar frå den tida vi budde på Melle at vi hadde mykje sol om sommaren. Men om vinteren var det ikkje sol i det heile tatt.

Eg trur dette er den finaste dagen vi har hatt på veldig lenge.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 2.mai

Klokka er no 17.32, temperaturen på trappa er + 22grader C, så her er det full sommar i dag. Dagen starta med trim frå 10-11,då eg kom heim ...