onsdag, august 03, 2022

Dagbok 2022: 3.august


Klokka er no 16.08, og de regnar ute, det har det gjort meir og mindre i heile dag.Temperaturen er ca 20 graderC , så det er ikkje så kaldt. 

Eg stod opp klokka 6 i dag og skulle ut og flytte bilen, men gjekk og la meg igjen då eg såg kor tidleg det var. Brubakk har kome ca 8,45 dei dagane han har vore her, men i dag kom han ikkje i det heile tatt, og det forstår eg godt. Det er ikkje råd å halde på ute i dette vêret. Ja, det er ikkje direkte uver men det regnar så å seie heile tida.

Eg måtte finne noko fornuftig og ta meg til, og det blei at eg tok fredagsvasken på onsdag, tredje veka på rad. Eg skulle ha vaska dei andre romma også, men eg kunne ikkje ha ut golvteppe i dag, så eg vart gåande litt å surre. Eg åt tidleg middag sidan eg hadde vore tidleg oppe, og det vart til at eg åt resten av pizzaen som eg laga i går. Og så vart det ei lang kvilepause framfor TV-en. No har eg vore ut og flytta bilen ned på tunet, og så tok eg ein runde i hagen. Mykje av bæra skulle ha vore plukka, fuglane et vel av ripsen, men det er ikkje så farleg; eg håper ikkje at dei likar solbær for dei vil eg gjerne ha til sylte.

I dag er det sal av bær  på torget i Ørsta. Blåbær 130,-kr pr kilo, for molte 240 kr pr kilo, Ja, det er vel nokon som kjøper. I min barndom var det skikk og bruk i Innvik å plukke blåbær for sal. Då fekk ein 1 kr pr kilo for rensa bær. Dei innfødde spanderte ikkje sukker på slike tarvelege bær. Moltene derimot ville dei ha sjølve. Dei var høgt skatta. Eg kjøpte ei korg med fine bringebær på butikken i går. Dei eg har sjølv er ikkje så fine, men dei er faktisk betre på smak enn dei eg kjøpte.

Eg har hatt ganske mykje å styre med i sommar, men det er slik eg likar å ha det. Når eg ikkje har noko eg må gjere blir eg litt misfornøgd. Men det er alltid noko å gjere for dei som vil, seier eg til meg sjølv. No er ikkje problemet at eg ikkje har noko å gjere-men at eg ikkje får gjort det eg vil på grunn av veret. 

Margrete kom heim frå ferie i går, og no er Rasmus også heime, etter at han måtte ta ein pause i Sverige på grunn av torevêr. Reknar med at Solveig og Øystein snart er på plass også-.

Det vart ikkje til at eg gjekk tur i går, men no ser det ut som det kan lyse opp litt, så då kan det bli ein tur på Vernet. Foten min er ikkje heilt bra, men den blir ikkje verre om eg går tur. Det har eg sjekka opp. 

I haust er det fjellcup i Sunnmørsalpane. Saudehornet rett opp er den 6.august, to andre løp i september. Eg har eit bilde av Nils og Øystein eit år dei var med på Saudehornet. Dei konkurrerte ikkje, men dei som vinn konkurransen brukar ca 1 time frå båthamna og opp. Trur fjellet er  1303 meter høgt. Ja eg hadde aldri kome meg opp same kor lang tid eg hadde på meg.

No ser det ut til at eg kan gå ein tur.

Det blei tur på Vernet i dag, det kom nokre regndropar, men ikkje så mange at det gjorde noko.


Ingen kommentarer:

Dagbok 20 24:25.desember.1.juledag

  Klokka er no 20.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar. nedst på skjermen min står det:Regn advarsel, så då står vi vel i fare for ...