fredag, november 06, 2020
Dagbok 2020: 6.november
Klokka er no 15.50, temperaturen ute er + 10 grader og det er stort sett opplett. I dag har eg vaska fredagavask, øvd på spanskleksa, sett på klesvask etc. Innimellom har eg følgt med på TV-når det gjeld Corona og valet i USA. Det er stort sett det det dreiar seg om for tida. Etter at eg haddee gjort pliktene mine, tok eg ei runde på Vernet før eg åt "middag"-den var ikkje så spennande som middagen førre fredag. Naboen min var ute og gjorde hagearbeid, men eg har ikkje tenkt å gjere så mykje meir i hagen, men eg må fare på VØR med hageavfall om ikkje altfor lenge.
I dag snudde eg kamera og tok bilde av bygda - ikkje fjorden. Det er mykje som har blitt bygt hersida vi kom hit for snart 55 år sidan.Byggefeltet øvst heiter Mos-marka. Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar