Klokka er 18.05, temperaturen ute er + 7 grader og det regnar. I dag har det ikkje skjedd noko ting.Det er ikkje berre negativt - ikkje noko vondt har hendt heller, så eg skal vere varsam med å seie at det har vore ein kjedelig dag. Eg har vore inne heile dagen, og det er mi eiga skuld at eg ikkje har funne på noko kjekt. Ja, eg har no strikka bitte litt og høyrt lydbok på Storytel. Eg har tusen ting eg KUNNE ha gjort, men blir skikkelig lat når det er så grått og regnfullt ute.
Men eg hadde meg ein skikkelig middag. Tok opp ein middagsrest frå jul som eg varma i mikroen og kokte poteter attåt. Eg blei veldig mett, så då eg sette meg inn att i stova, sovna eg tvert i stolen med lydbok og det heile. No har eg vakna til live att og sett på kaffien så eg ikkje skal sovne att. Har ingen planar for morgondagen, men tysdag blir det både trening og eldrefest. Den er ikkje avlyst-det er ingen i Ørsta som har fått påvist Corona, så langt.
Boka eg les på Storytel er frå Island, men eg trur den går inn eine øyret og ut det andre. Eg er blitt meir glad i å lese på papir no, og i dag fann eg ei bok eg ikkje har lese, så kanskje blir det den. Strikking må eg vere forsiktig med, men kan no spøte aldri så lite. No er snøen mykje borte, og i dag såg eg att rabarbraen som spirte i januar-februar, og potentilla - buskene nedanfor garasjen har fått blad. Håper på ein fin vår.
Eg kan ikkje påberope meg å ha "feira" kvinnedagen, men eg feira ikkje mannedagen heller.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar