onsdag, mars 04, 2020

Dagbok 2020: 4.mars

Klokka er 17.50, temperaturen ute er + 3 grader. Vi har hatt ein fin dag med klår himmel og sol.
For meg vart dagen litt rotete-har liksom ikkje fått "gjort" noko.
Første post på programmet etter frokost etc. var Spansk-kurset. Eg hadde Marit med nedover , ho var på kino mens eg ar på kurs, og så for vi i lag heim.
På kurset i dag fekk vi nokre vanskelege oppgåver, som eg gjorde ferdig her heime, så det tok si tid. 
Så skulle eg sende nokre skriv til Eli på e-post, det vart litt trøbbel, som ordna seg
Det vart tid for mat og ei stund etter det igjen gjekk eg tur rundt på Vallabøen, tok motsett runde av det eg brukar,  det var godt å vere ute litt.
Då eg kom heim att vart eg sittande å styre med diverse på data. Då kom Eli. Det viste seg at ho ikkje kunne bruke skriva mine i den formaten eg hadde sendt. Og her vart eit styr. Midt i opplæringa forsvann heile teksten. Men DET hadde eg råd for. Eg henta teksten frå e-posten og så inn att på Word . Då kunne vi skrive den ut og sende det som vanleg brev. Men no har Eli tatt på seg å lære meg å bruke e-post med vedlegg. Eg brukar nesten aldri e-post, så eg treng vel eit kurs. 
Og slik gjekk den dagen. No er det snart TV-tid og tid for å strikke ferdig ein lest.
Leigebuarane mine reiste i dag. Dei skal til Svalbard og vere der lenge, kjem ikkje hit att før etter påske.
I dag fyller det yngste barnebarnet mitt, Ingar på Kongsberg, 10 år og farmor vil gratulere både her og der. Håper han har ein fin dag. Veit ikkje om det er selskap i dag. 

1 kommentar:

Unknown sa...

Do you realize there's a 12 word sentence you can tell your man... that will induce intense feelings of love and impulsive attractiveness to you deep inside his heart?

That's because deep inside these 12 words is a "secret signal" that triggers a man's instinct to love, idolize and care for you with his entire heart...

====> 12 Words Who Trigger A Man's Love Instinct

This instinct is so built-in to a man's mind that it will drive him to work better than ever before to take care of you.

Matter-of-fact, triggering this powerful instinct is absolutely binding to having the best ever relationship with your man that once you send your man one of these "Secret Signals"...

...You will instantly find him open his mind and heart for you in such a way he never expressed before and he will see you as the only woman in the universe who has ever truly appealed to him.

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...