lørdag, mars 02, 2019

Dagbok 2019: 2.februar

Her startar eg i kveld.


Klokka er 18.30, temperaturen ute er + 4 grader og det regnar. Eg må innrømme at eg lengtar etter at sola skal kome fram. 
Dagen har gått som ein røyk. Eg brukar å løyse Sudoku i Møre Nytt og det går bra heile veka, men på laurdagar er dei vanskelegare, så eg har brukt ei god stund på løysinga i dag. Eg skal innrømme at det er delvis bortkasta til.
Men litt til nytte har eg gjort i dag også, eg støvsuga alle teppegolva nokså grundig.
Eg var ikkje heilt sikker på om Margrete kom i dag, hadde ikkje sett meldinga på data, så eg vart veldig glad då eg såg bilen hennar på tunet. Ho kom med garn til meg, så no får eg gjere ferdig Erlend sin genser i helga. Ho hadde drista seg til å kjøpe garn til enda ein genser, så no har eg arbeid lenge, kanskje. Ikkje sikker eg får strikka så mykje neste veke, sidan eg skal ha tre kursdagar.
Margrete ville ikkje ha mat, så vi drakk litt kaffi mens vi prata. Kjekt med besøk.
No skal resten av kvelden brukast til TV og strikking. I går hadde eg slik strikkeabstinens at eg strikka på eit lestebrot.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 26.desember: 2.juledag

  Klokka er no 19.30, temperaturen ute er +4 grader C. Det er overskya, og eg trur det har regna litt innimellom. Kvit jul er det i alle fal...