torsdag, januar 10, 2019

Dagbok 2019: 10.desember


Bildet er tatt med blitz kl.23.20. Snøen som dekte tunet i går er borte vekk.

Klokka er snart 21.00 og eg er nokså døgnvill, for i dag har eg knapt sett dagens lys. Det har vore nesten mørkt heile dagen og regnet har sila ned. No er temperaturen bortimot + 8 grader.
I går kveld verkte eg veldig i føtene og hofta, og vakna eit par timar etter at eg hadde sovna. Eg låg våken ei god stund, men då eg til slutt sovna igjen, sov eg til klokka var 11.00-trur knapt det har hendt før, men eg fekk no timane mine denne natta.
Dagen blei tilsvarande kort - og ikkje mykje har blitt gjort. Eg rydda litt i huset, sette på maskinene til klesvask og oppvask, dusja og vaska håret etc. og sette meg til å strikke, då fekk eg besøk av Marit, og vi sat og prata ei stund.
Etterpå år et ein slags "middag og sette meg til å strikke igjen. Eg balar litt med mønsteret på genseren før eg kjem inn i det, men har forstørra det og trykt ut mange eksemplar på printeren, slik at eg kan telle og skrive. Mønsteret er ikkje vanskeleg, berre eg veit kvar eg skal begynne. Lite har hendt i dag, og derfor har eg heller ikkje mykje å skrive om.
No skal eg ned i kjellaren og sette på tørketrommelen. Denne vinteren har det vore uråd å tørke klede ute. Det er nesten ikkje til å tru at denne veka også snart er slutt.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 30.april

 Klokka vart litt for mykje før eg kom så langt at eg skriv blogg, men eg skal fatte meg i kortheit. Det er no + 10 grader ute, for i dag ko...