tirsdag, juni 06, 2017

Dagbok 2017: 6.juni

Olaug frå 0 til 20


I dag kan vi gratulere Olaug med 20 -årsdagen.

Klokka er 19.35, temperaturen kom brått opp i + 17 grader ute, det er opplett og fint. Tidlegare i dag regna det nokså kraftig. Vi har hatt ein fin dag ! 
Sidan Nils skulle til legen i dag anbefalte eg ein sovetablett i går kveld, slik at han skulle sove godt og vere i god form i dag. Og slik vart det. Etter at HBO hadde vore her og Nils hadde fått medisin og mat, hjelpte eg han slik at han fekk dusje og barbere seg og få på seg reine klede. Det er slike småting han har lært seg å sette pris på etter alle opphalda på sjukehus og -heim. Nytt smerteplaster fekk han også.
Taxi hadde vi bestilt på legesenteret og den kom og henta oss presis.
Legen var ikkje så presis, så det vart ganske langt opphald på venterommet. Men der fekk Nils straks ein ny kamerat; han kjende mannen av utsjåande, men har aldri snakka med han før. Men han kjende Nils gjennom Matias og FB, så det vart prat om FISK. Kjekt for Nils å oppleve litt når han ein sjeldan gong forlet godstolen.
Hos legen var det fort gjort. Det blei tatt ei prøve av blodprosenten, og den var ikkje så låg som sist den blei målt, så det art ikkje gjort noko med det. Han har ny legetime komande mandag. Heim att fekk vi også taxi, denne gongen ein 8-seter. Det blir ofte klaga over helsetenesta, men jammen er det mykje som funkar bra også. VI skal i alle fall ikkje klage.
Då vi kom heim regna det, så eg kunne ikkje gjere noko ute, og inne var det ingen ting eg måtte gjere. Derfor tok eg meg ein liten trimtur på butikken i regnvêret. Skulle ha berre noko lite, men kjøpte opp i to nett, slik at eg fekk jamvekt.
Då eg kom heim begynte eg å førebu middagen, men så dukka ei av nabodamene opp med eit fint smørbrødfat til oss. Då blei det lunsj i staden, og middagen sett på vent. Derfor har vi nettopp ete middag, nydelig ovnsbakt laks med agurksalat og rømme i dag.
Mellom lunsj og middag var eg ute i hagen ei stund. Gjødsla plenane med resten av gjødselen som Solveig og eg kjøpte. Plantane hadde eg gjødsla før. Drog laus litt meir av eføyen på muren, men det blir eit langt lerret å bleike.
Fekk ei lita overrasking då eg såg at den eine rhododendronen hadde begynt å blomstre. Eg hadde faktisk gitt den opp.
No har eg kokt kaffi som vi skal kose oss med framfor TV-en. Den siste HBO-en har vore her, så no kan vi slappe heilt av. Ingen insulinsprøyter i dag.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 16.april

  Dette bildet er frå i fjor, men trappa ser likeins ut i dag og eg har gått dei 43 trinna i dag også. Klokka er no 16.04, temperaturen er +...