mandag, august 08, 2016

Dagbok 2016: 8.august

Klokka er snart 19.00. Temperaturen ute er +13  grader C og det regnar.
Før middag var det opplett og eg planla å gjere ein jobb i hagen i løpet av dagen.
Det var ikkje snakk om plenklipping i dag, så eg sette ein deig og baka tre store brød, no begynte vi å bli lei av kjøpebrød.
Mens brøda stod til heving plukka eg bringebær og begynte å demontere eit ripstre med tanke på å ta det heilt vekk til slutt. Eg var inn og baka ut brøda, men gjekk ut att når dei var komne i omnen. Måtte prate litt med naboar som var komne att frå ferie, før eg begynte å jobbe igjen. Det vart ikkje lange stunda før brøda var ferdige. Vi måtte sjølvsagt smake på dei varme, ferske skivene-og så begynte det å regne. Det vart med andre ord ikkje mykje gjort ute i dag. 
Så ringde Margrete. Ho og ungane var på handlerunde i Ørsta og spurde om dei kunne komme oppom. Sjølvsagt kunne dei dei - eg måtte velje mellom sveler og vaflar, og i dag vart det vaflar. Ho kom med ei fin lilje i potte. Eg har fleire slike liljer frå før, men dette var ein ny farge. Eg plantar dei ut etter avblomstring og eg har liljer som er mykje meir enn 10 år gamle i bedet ute. NB: Det er ikkje eit krav om blomster om nokon skulle komme på besøk. 
Amanda og Erlend har vore i Portugal på ferie, så vi fekk no høyre litt om korleis dei hadde hatt det der..
I dag har Nils vore i god form, håper det varer til torsdag, då er det ny behandling.
I morgon MÅ eg på Amfi og handle, det er lenge sidan eg var innom der.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...