onsdag, august 24, 2016

Dagbok 2016: 24.august

Klokka er 19.45. Temperaturen ute er ca +18 grader C, men i dag har det vore overskya og regn. Eg kjende det på kroppen i går, og i dag var gikta på plass. Men det går seg vel til......
Eg saknar å styre på ute, men det var godt med ein litt roleg dag også.
Etter frokost kom støvsugaren fram for første gong på nesten 14 dagar. Alle teppegolva fekk gjennomgå-og det var nesten som å klippe plen, for sveitten rann.
Eg måtte dusje og vaske håret før eg møtte til styremøte på biblioteket klokka 12.
Då eg kom heim laga eg skikkelig middag. Steikte makrell og kokte poteter; trur det er fleire veker sidan eg åt ei potet.
Maten smakte godt, og etterpå la eg meg på sofaen med ei flunkande ny lydbok som eg fekk med meg frå biblio i dag. Ja, eg måtte sjølvsagt rippe den først og få den inn på MP3-spelaren.
No et Nils resten av makrellen, så han er ikkje verst i form no. Han har begynt å ete bra og legg på seg igjen.
Han var ned i hagen og plukka plommer- både Opal og Rivers Early, dei sist nemnde er gode til sylte og burde vel plukkast snart. Det kjem vi til å trenge hjelp til, for verken Nils eller eg kjem til å klatre i år. Dei som vil sylte kan plukke. Der er ganske mange plommer, men dei er små. Trur dei er små fordi treet er gammalt, det eldste vi har.
På grunn av at mange pensjonistar skal vere med seniordansarane til syden, skal vi ha det første møtet i haust alt neste onsdag-den 31.august. Men vi kallar det "septembermøte"-vi brukar ikkje å ha møte i august. No håper vi på godt frammøte og mange nye medlemmer.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...