onsdag, august 17, 2016

Dagbok 2016: 17.august.

Garasjevegg med blomkarse. I år har den sådd seg heilt sjølv.

Klokka har passert 19.30. Temperaturen er + 22 grader C. Det har vore enda ein strålande sommardag-med tanke på vêret. Då eg kom ut og skulle klippe plen kl.10.30 var det enno så mykje dogg i graset at eg måtte sette klippinga på vent. Men eg jobba med kantklipparen til eg kunne begynne for alvor. Det var skråninga som ffekk gjennomgå i dag. Det er 14 dagar sidan sist eg klipte-bio-med motorklipparen. I dag hadde eg ikkje hjelp, så eg måtte bruke el-klippar utan  "drag"-og lange skøyteledningar. Det var tungt og slitsomt, men eg kom i mål til slutt. Særleg pent vart det ikkje, for graset var såpass vått eg klipparen "spytta" heile tida. Eg tok mange pausar- måtte inn og drikke rett som det var, og sveitten rann. Men eg likte det ! Eg likar hardt fysisk arbeid og er lykkelig fordi eg greier det. Men no er eg heilt hekta på plen, synest eg har drive med plenklipping heile sommaren, men det er no berre 1-2 dagar  for veka.
Nils har vore like dårleg i dag som i går, han har lege heile dagen. Han har det best når han ligg i senga, seier han, med opne dører og glas. Han får ikkje i seg mat, men  drikk styrkedrikk frå apoteket og et yoghurt. Og han har ikkje vondt. Vi får berre gi det tid. Det er ingen vits å komme på besøk så lenge han kjenner seg så uvel
Anne Marie ringde i dag, der sør styrtregna det, så det spørs kva vi får i morgon.
No på kvelden har eg site ute og prata med diverse naboar, og i morgon skal eg vere med ein av dei nedover og handle litt. Vi er velsigna med gode og hyggelige naboar.

I dag begynte yngstemann, Ingar, i første klasse på barneskulen.
Vebjørn skal opp i 5.klasse og Eivind startar på andre året i ungdomsskulen.
Ingeborg studerer vidare på Menighetsfakultetet, Eirik skal studere engelsk på Høgskulen i Volda, Amanda skal begynne på musikklinja på VVS og Erlend gjer spranget frå barne-til ungdomsskule.
Dei to eldste på Hareid held fram som før. Håkon skal studere på Høgskulen i Volda, eg trur det er idrettsfag, og han har fått seg sambuar og flytta til Volda . Olaug har flytta til Bergen for å bli tannlege.
Eg ønsker alle lykke til med skule-/ studieåret.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...