tirsdag, august 16, 2016

Dagbok 2016: 16.august

Klokka er 20.15. temperaturen er + 19 grader C og det har vore ein strålande dag- når det gjeld vêret.
Elles har det vore trasig på den måten at Nils har vore så elendig. Han har ikkje vondt, men er kvalm innimellom, slapp og appetittlaus. Han har lege i senga heile dagen og ligg der enno. Eg er inn og snakkar med han innimellom, men han har ikkje noko imot å ligge der åleine.
Eg var komen ut for å klippe plenar då klokka var ti, og jobba ute med diverse avbrot til klokka 15. I tillegg til å klippe plenar, tok eg fram kompostkverna og mol opp dei to ripsbuskene eg har klipt ned. De kan sjå restane på bildet over. Røtene skal opp med tid og stunder.Eg brukar trillebåra og fyller den med gras anna mask og køyrer det ned i komposten. Då slepp eg å gå ned så ofte. Det var ganske mykje gras i dag, sidan det er ei stund sidan siste klipp. På bildet under kan de sjå at det kjem nytt gras på "arret" etter badebassenget. Men skråninga har eg ikkje klipt enno.
Mange naboar går forbi eller kjem bortom for å høyre korleis det er med Nils. Alle saknar han, for dei er vant til at han er ute på tunet eller i garasjen og slår av ein prat. No må dei prate med meg i staden.
Når gale skal vere, er eg i alle fall glad for at eg har arbeid eg kan gjere ute.
I kveldinga sat eg oppe hos Marit på uteplassen hennar og prata, etterpå åt eg av stikkelsbæra til Anne Elise.
Låg ute på altanen med lydbok ei lita stund, men vart lei av det. No skal eg ha meg litt mat, har berre ete ein liten yoghurt sidan frokost. Eg et ikkje så mykje meir enn Nils, men trur ikkje eg tek skade av det.





Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...