mandag, august 15, 2016

Dagbok 2016: 15.august

Klokka er 20.35, temperaturen er + 16 grader C og skodda sig inn og ned.
Vart skuffa i dag tidleg, for eg hadde budd meg på solskinn og plenklipping, og så var det skodde og regn og vått gras.
Men eg fann ut at eg kunne bruke kantklipparen og det gjorde eg. Hadde tenkt å klippe plen seinare, men så langt kom eg ikkje.
Nils var litt betre i dag enn i går, men langt frå i god form. Eg kokte ein kaloririk graut til han, som han fekk i seg. Eg hadde ein pakke fløyte som var ute på dato; eg blanda den med eit par-tre spiseskeier med kveitemjøl og kokte til den sleppte feittet, slik som rømmegraut, så hadde eg litt heilmelk i og eit halvt beger lettrømme+ salt og sukker. Eg åt også litt av den, det var ingen stor porsjon, og eg trur det er den beste rømmegraut eg har smakt.Eg har ei veninne som likar best rømmegrauten når den er kokt av ei blanding av fløyte og rømme, mens eg alltid har likt rømmegrauten så sur som mulig.(Nesten)
I dag hadde vi ærend nedover begge to, vi skulle begge ha medisin og eg skulle på biblio. Eg sjekka opningstidene på Facebook og der stod det at det var ope til klokka 19.00 i dag. Vi venta med å fare nedover, for Nils skulle sjå Warholm springe, så biblioteket var stengt då vi kom.Sommarstenging klokka 16.00. Eg var noko irritert for den einaste boka eg har på beddingen no er ei dramatisering av Møte ved milepælen, og det er ikkje noko å lese på senga. Dessutan er den på berre to plater og eg er snart ferdig med den første.( Då eg kom heim sjekka eg facebook igjen og der stod det :Ope til klokka 19. For sikkerheits skuld var vi nedatt og sjekka-men det var stengt.)
Vi handla på apoteket og Coop før vi for heim.
Vi sat ute ei lita stund, men når eg set meg ned ute ser eg berre alt som skulle ha vore gjort. Nils var sliten så han måtte kvile. Eg talde på fingrane om eg skulle klippe plen, køyre kompostkverna eller plukke bær. Det blei det siste. Vi har berre eitt ripstre no, men der er masse bær som er delvis øydelagde av alt regnet, og kun kan brukast til saft. I dag vart det sakseklipp. 1. Klipp av greinene med ei stor saks. 2. Klipp raklane av greinene med ei lita saks. Utruleg effektivt ! Til slutt skylte eg bæra, plukka vekk blada og fraus dei. Så kan dei få koke saft dei som vil, trur ikkje det blir eg.

Ingen kommentarer:

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...