tirsdag, juli 05, 2016

Dagbok 2016: 5.juli

Klokka er snart halv ti; desse sommardagane flyg av garde så altfor fort. Temperaturen er + 14 grader, det er overskya, men stort sett opplett. Kanskje ikkje det ultimate sommarvêret , men tusen gonger betre enn vinter og mørketid.
I dag var vi ikkje oppe i gryotta ,for å seie det slik, men vi har hatt ein god dag. Først på dagen gjorde eg ein del husarbeid, før Nils fann ut at vi kunne reise til Volda og ete kinamat. Det var ikkje nei i min munn. Sidan vi likevel skulle den vegen, tenkte eg vi kunne hamstre litt daglegvarer på Coop Extra i Furene, så eg tok med handlelappen.
I Volda kom det ei ung jente bort til meg og gav meg ei raud rose, noko som sjølvsagt var litt koselig, og så gav ho Nils ei gul rose-"en til far også". Då kom ho fram med ein lapp der det stod at ho var frå Moldova og samla inn pengar til behandling til sin sjuke bror. Nils gav henne ein 50-lapp (rosene var døden nær)-men fekk beskjed at det kosta 100 kr. Ikkje at det er for mykje å gi den stakkars jenta ein 100-lapp, men vi likte ikkje måten ho gjekk fram på.
På kafeen bestilte vi "det vanlege" og det fekk vi. Og godt var det. Som vanleg.
Handlelista mi var lang i dag, så Nils fekk sitte i ro mens eg plukka i korga. Om lista var lang så dekka den ikkje fjerdeparten av det eg kjøpte. Skal vedde på at eg har handla for 2000 kr tenkte eg før eg gjekk i kassa. Summen stoppa på 1900 kr, så eg var ganske nær. Men jammen får ein ganske mykje mat for det beløpet. Det er greitt å ta storhandelen i Furene har eg funne ut, for der er kort veg å køyre korga ut til bilen. På Amfi er det meir tungvint.
Då vi kom heim ringde Margrete -ho og ungane var i Ørsta og ville stikke oppom ein tur. Det var koselig. Eirik var ikkje med, for han jobbar-elles var dei fulltallige. Ingeborg jobbar også, men ho skulle ha nattevakt frå i kveld.
I går morgon var Einar så vidt innom, og om kvelden kom Olaug og henta bilen hans. Då kom også Håkon og Birte og dei gav seg tid å vere ei stund. Dei skal begge bu og studere i Volda til hausten, det blir kjekt å ha dei her. Håkon skal få låne båten vår for både han og Birte likar så godt å fiske. Dei fekk med seg krabbeteiner i går, men båten må vi ha sjølve til Rasmus har vore her. Han og familien kjem komande laurdag. Så no ser vi ganske mykje til barn og barnebarn, sidan dei fleste er fri. Solveig og Øystein er ein tur i England, Einar og Audun er i Hellas, men den 13. håper vi å samlast alle på Hareid.
Etter at Margrete og Co reiste har eg lagt opp ei bukse, felt av ein les og stroke litt klede m.m. Hagearbeid har det ikkje blitt noko av i dag.-Var berre ned og plukka nokre jordbær, skal i grunnen berre plukke annankvar dag, men freistinga vart for stor.
I morgon skal eg til frisør. Klipte meg veldig kort sist-men det var i april.

1 kommentar:

solveig sa...

Rosetrikset var mykje brukt i Roma eit år vi var der. Folk som tok i mot og berre takka, måtte gi tilbake. Ein utspekulert tiggarmetode ...

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...